Front mot front-ulykke i Stad
Plus
Det er store materielle skadar, og tre personar er køyrde til sjukehus, melder politiet.
Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder søndag ettermiddag om ei front mot front-ulykke på fv. 61 i Stad, rett over fylkesgrensa til Møre og Romsdal. Ulykka skal ha skjedd like ved Juvatnet.
Det skal vere store materielle skadar på dei to involverte bilane, ifølgje politiet.
Førebels er det ikkje kjent om det er personskadar.
Vegen er stengd som følgjer av ulykka, og ein av dei to bilane står midt i vegbana.Like før klokka 16.30 melder Operasjonssentralen at alle naudetatar no er på staden, og at bilbergar også er på veg.
Den andre bilen som ikkje står i vegbana, skal stå i grøfta på staden, skriv politiet, som også melder om glatt vegbane på staden.
Det er tre personar involverte, og desse vert no sett til av ambulansepersonell på staden. Samtlege er seinare køyrde til legevakt.
Klokka 16.45 er eitt av køyrefelta opna att, og trafikk kan passere med manuell dirigering.
Firda oppdaterer saka.