Tilfluktsrom i Sogn og Fjordane: – Dagens dekning truleg for låg
Plus
Sogn og Fjordane har 298 tilfluktsrom. Sidan 2023 har Sivilforsvaret berre ført tilsyn med fire av dei.
– Dagens status og tal på tilfluktsrom i Sogn og Fjordane har ikkje følgt utviklinga og endringa i regionen, med tanke på plassering ut frå mogleg endring i folketalsutvikling og sårbare eller kritiske område og objekt, seier Stein Morten Rønningen til Nynorsk pressekontor.
Rønningen er distriktssjef i Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt og meiner årsaka til utviklinga er samansett.
Han peiker både på at distriktet har fått lite merksemd dei siste 30–40 åra, og på stansen i plikta til å byggje offentlege tilfluktsrom som vart innført i 1998, som viktige faktorar.
Sogn og Fjordane har i dag 286 private rom med rundt 30. 000 plassar, og 12 offentlege rom med om lag 2.000 plassar.
Dei offentlege romma ligg primært i byar og tettstadar. Kommunen har eigaransvar for romma, medan Sivilforsvaret har ansvar for klargjering og drift. Dei private romma er knytt til bygg som burettslag, skular, institusjonar og næringsbygg.
– Eg har ikkje grunnlag for å seie noko om faregraden i distriktet vårt og kva behova er sett opp mot den. Men reint teoretisk, med tal på plassar i tilfluktsrom sett opp mot befolkningsveksten, er nok dagens dekning for låg.
Ingen pålegg
Sjølv om det er Sivilforsvaret som skal føre tilsyn med både offentlege og private tilfluktsrom, er det ein kvar huseigar sitt ansvar å halde romma i forsvarleg stand og sjå til at dei skal kunne klargjerast for bruk innan 72 timar.
Ettersom dei fleste tilfluktsrom i landet vart bygde frå 1948 og fram til det vart innført byggjestopp i 1998, er mange av romma likevel i svært dårleg forfatning.
Ifølge Sivilforsvarets «eigar», Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) si konseptutgreiing for Sivilforsvaret frå 2016 , avdekka kontrollar i perioden 2008–2012 eit stort etterslep på vedlikehald. I 2023 slo ein rapport frå Kommunerevisjonen fast at romma i Oslo og Akershus er kritisk dårleg halde ved like, og at det manglar både rutinar og tydeleg ansvarsdeling mellom kommunane og Sivilforsvaret ved krigssituasjonar.
Det førte til fornya merksemd kring forfatninga på tilfluktsrom over heile landet. Kor dårleg forfatning dei er i, er det førebels ingen som veit, ettersom det berre er ført tilsyn med dei færraste av romma.
Ifølge Rønning vart det av kapasitetsomsyn ikkje ført tilsyn med nokon tilfluktsrom i Sogn og Fjordane korkje i 2023 eller 2024. I 2025 vart det gjennomført fire offisielle tilsyn.
I tillegg har dei kontinuerleg rettleia byggeigarane både over telefon og ved synfaring, seier han.
Fjorårets tilsyn vart gjennomført på slutten av året, og er ikkje formelt ferdigstilte. Ifølge Saastad mangla det teikningar og anna dokumentasjon hjå alle huseigarar:
– Me kjem no til å gje huseigarane ein frist for å skaffe naudsynt dokumentasjon, og å rydde og gjennomføre generelt vedlikehald før oppfølgingstilsyn. Det er sannsynleg at me vil gje pålegg om utbetring, men i kva omfang er enno ikkje klart.
–Korleis vil de sjølv vurdere moglegheita de har for å sjå til at romma blir utbetra og oppgradert?
– Me i Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt, og Sivilforsvaret i stort, er i ferd med å bygge kompetanse og auke fokuset på tilfluktsromma. Ut frå kapasitet og god samhandling mellom distrikta, vil rettleiing, tilsyn og pålegg få eit auka omfang framover. Me skal gjennomføre nye tilsyn i 2026, men kor mange, er ikkje bestemt enno.
Nybygg?
Per i dag er det 18.600 tilfluktsrom i Noreg. Rundt 18.000 av dei er private og 600 er offentlege.
I Totalberedskapsmeldinga som kom i fjor vår vart det foreslått at Justisdepartementet skal be Stortinget oppheve det gamle vedtaket om byggjestopp. Det blir no jobba med å ferdigstille eit høyringsutkast til ny forskrift og innføre på nytt plikta til å byggje nye tilfluktsrom i utsette område.
I år startar også ei kartlegging av eksisterande infrastruktur som fjellanlegg, tunnelar, T-banestasjonar og underjordiske garasjeanlegg med tanke på å bruke dette som tilfluktsstader for allmenta.
199 tilsyn
DSB kan ikkje svare NPK på kor mange norske tilfluktsrom som er tilfredsstillande halde ved like og funksjonsdyktige i dag. Dei veit heller ikkje kor mange pålegg som er blitt utferda etter tilsyn, og viser til kvart av dei 20 sivilforsvarsdistrikta for svar.
Mona Brygard, seksjonssjef i Sivilforsvaret, skriv i ein e-post til NPK at Sivilforsvaret «har kontinuerleg tilsyn med tilfluktsrom og gjennom tilsyna får Sivilforsvaret oversikt over tilstanden på romma».
Brygard opplyser at det i 2023 samla vart gjennomført 48 tilsyn med tilfluktsrom. I 2024 vart 117 rom kontrollert, medan det frå januar til juli 2025 vart gjennomført 34 tilsyn.
Det er eit snitt på 66 tilsyn i året. Sivilforsvaret har sjølv sett som mål å gjennomføre 200 tilsyn kvart år.