Herold

Den gamle barnehagen i Havreneset får nytt liv

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Egil Kristian Aardal Published: 2026-03-01 23:25:00
Den gamle barnehagen i Havreneset får nytt liv

Kinn kommune har seld Nyheimvegen 3. No skal ein gammal barnehage bli til leilegheiter.

Kjøpesummen enda på 2,2 millionar kroner, pluss kostnader. Det var sommaren 2024 at kommunen la bygget og eigedomen ut for sal.

Barna i Nyheimvegen- og Dalvegen barnehage kunne i august 2023 starte i nye Nepjarhaugen barnehage.

Bygger om til leilegheiter

«Det er behov for utvendige og innvendige tiltak. Heile bygget bør sjåast på som eit renoveringsobjekt», stod det i salsoppgåva. Det var ikkje mogleg å stadfeste kor tid huset blei sett opp.

Prisantydinga for det 257 kvadratmeter store bygget var 3,7 millionar kroner. Eigedomen er på rundt eit halvt mål.

No er handverkarar i gang med ombygginga. Ifølge nabovarselet frå dei nye eigarane, Vbg Eiendom AS, skal bygget gjerast om til fire sjølvstendige bueiningar.

Full renovering

Bak selskapet Vbg Eiendom AS, som blei etablert i januar, står Knut-Einar Grønsberg, Dan Roger Storø Book og Elise Kristiansen Vee.

Det er Grønsberg Bygg AS som søker Kinn kommune om bruksendring. Dei vil heve skråtak på sør-austre side av hovudbygget for å bygge nytt inngangsparti og utvendig terrasse mot aust.

– Eksisterande vindauge blir skifta ut med nye i same utføring som bygget opphavleg hadde. Det skal etterisolerast og bytast kledning på veggar, skriv dei i nabovarselet.

No er denne til sals: «Det er behov for tiltak»

Barnehagen i Dalvegen er blitt bustad igjen

Nye Nepjarhaugen har opna: – Vi er stolte og krye

Nepjarhaugen: – Vi har inga tid å miste

🏷️ Extracted Entities (10)

Havreneset (entity) Dalvegen (entity) Nepjarhaugen (entity) Nyheimvegen (entity) Vbg Eiendom AS (organization) Dan Roger Storø Book (person) Elise Kristiansen Vee (person) Grønsberg Bygg AS (organization) Kinn (entity) Knut-Einar Grønsberg (organization)