Herold

Det gode liv i Valdres

Plus
Kilde: Valdres Author: Kirsten Inga Kamrud, Lørenskog/Ulnes Published: 2026-03-01 11:55:00
Det gode liv i Valdres

Kva er best for valdrisane? Korleis skal ein vite kva som skaper det gode liv?

Det ser ryddig og oversiktleg ut på kartet at Valdres skal vera ein kommune, men dette handlar om tenester, demokrati, avstandar og kva slags kvardag folk faktisk har og vil ha.

Moderne forsking viser at gode liv ikkje er på éin enkel dimensjon, det er ei blanding av faktorar som spelar saman. Sosiale tilhøve har mykje å seie for livskvalitet. Om du er einsam, har lite sosial omgang og lir under dette, er det like skadeleg for helsa som røyking eller overvekt. Ein av dei mest robuste og repeterte funna innan lykke- og livskvalitetsforsking er at nære og stabile relasjonar er heilt sentrale for gode liv. Om Valdres blir sentralisert, vil fleire bu i ein einsleg utkant.

Folk treng å kjenne at livet har meining, at dei betyr noko for nokon og spelar ei rolle i samfunnet. Meining gir ikkje berre lykke i augneblinken, men er knytt til langvarig trivsel og velvære. Om Valdres blir éin kommune, blir kvar valdris ein mindre del av heilskapen. Til større organisasjonen blir, til mindre blir kvart enkelt individ.

Helse er ein stor faktor. Folk som er friske fysisk og psykisk, og som har sunn livsstil, har generelt høgare livskvalitet. Storleiken på kommunen avgjer ikkje åleine kvaliteten på helsetenestene. Små kommunar kan ha fordelar i nærleik, kontinuitet og tilpassa omsorg. Større kommunar kan ha fagleg breidde og kapasitet. Det sentrale er korleis tenestene er organisert, bemanna og tilpassa brukarane.

I eit godt liv må ein ha tilstrekkeleg med ressursar og trygge økonomiske rammer. Når folk har nok til å dekke basisbehov og litt sikkerheit i tillegg, gir meir pengar mindre og mindre ekstra lykke. Lykkerapportar og psykologisk forsking samstemmer i at økonomi er mindre viktig for menneska sin livskvalitet enn sosialt liv, helse og meining. Pengar er godt å ha, men det er ikkje det som i seg sjølv gir gode liv.

Det er vel pengane som er drivkrafta for å slå saman Valdres-kommunane. Her kan ein og ty til forsking, det er lett å søke opp både norske og nordiske rapportar. Konklusjonane er klare, stordrift er ikkje ein trylleformel. Den mest selde påstanden i samanslåingskretsar er at «vi sparar pengar». Problemet er at forsking og erfaringsgrunnlag sjeldan viser den enkle gevinsten folk ser for seg. Éin kommune er i seg sjølv ikkje er ein automatisk økonomisk reparatør. Ein kan få meir robust administrasjon, ja, men ein kan òg få større system, meir koordineringsbehov og same dyrtid, berre med lengre møte og større avstandar. Eventuelle innsparingar forsvinn i til dømes omorganisering, samordning, ombygging og transport.

Når det gjeld demokrati, er det slik at når kommunen blir større, blir veljaren litt mindre. Forskinga er meir eintydig enn mange trur: Kommunesamanslåingar har i snitt gitt lågare valdeltaking. Ein norsk rapport frå 2025 finn at samanslåingar generelt har ført til reduksjon i valdeltaking, og at nedgangen er størst der små kommunar blir ein liten del av ein større kommune.

Valdres er ikkje eit abstrakt reknestykke. Det er eit dalføre, det er sidedalar, fjell og vidder og lokalsamfunn. Valdres er fyrst og fremst menneska. Når avgjerdene flyttar seg «til sentrum», er det ikkje berre ein administrativ detalj. Det kan bli ei oppleving av at din del av Valdres er dekor medan andre delar tek avgjerdene. Nærleik er ikkje nostalgi, det er nødvendig.

Må Valdres velja mellom ein kommune eller seks kommunar? Kva bør Valdres gjera?

Om målet er best moglege liv i Valdres, peikar forsking og tal på dette: Hald på seks kommunar, men gjer samarbeidet meir forpliktande og mindre tilfeldig. La lokaldemokratiet og nærleiken stå for det som må vera nært. Slå saman det som må vera robust, til dømes IKT, beredskap, spesialiserte fagteam, innkjøp, og delar av plan- og utviklingsarbeid. Det trengst klare avtalar og tydeleg styring. Valdres kan samarbeide meir om dei tenestene som faktisk treng større fagmiljø, utan å legge ned lokalsamfunnet i same slengen.

Om nokon seier at éin kommune «garanterer» betre økonomi, betre demokrati og betre liv – be dei vise forskinga. Valdres treng ikkje å gjera andre sine feil om igjen. Valdres fortener det nyanserte. Vi held på det gamle slagordet: Vakre, varierte Valdres. Variasjonen får vi med seks kommunar.

Kvar vil vi no, Valdres?

En ny utredning om kommunesammenslåing i Valdres?

Kanskje er det ikkje éin kommune som er det rette, men to, tre, fire eller faktisk seks?

En ny utredning om kommunesammenslåing i Valdres?

🏷️ Extracted Entities (1)

IKT (entity)