Ni menneske åt frukost inne då kampesteinen knuste bilen
Kampesteinane hagla over den vesle bygda og europaveg 134. Ingen vart skadde, men to bilar vart knuste, og hovudvegen mellom aust og vest blir stengd i lang tid.
Saka oppsummert:
– E134 Haukelivegen er stengd ved Fjæra i Etne kommune etter eit stort steinras. – Ingen vart skadde, men to parkerte bilar vart knuste, store steinblokker dekkjer europavegen, og bygningar i nærleiken er skadde. – Bilistar som kom til staden, søkte tilflukt i ein tunnel. – Vegvesenet melder at rydding og sikring av fjellet vil ta lang tid. – Trafikantar må bruke alternative ruter som Rv7 over Hardangervidda, E16 over Filefjell eller Rv52 over Hemsedal. Også lokal omkøyringar er lange: via Kvinnherad eller via Rv 7 gjennom Suldal. – Området er kjend for å vere rasutsett, trass i rassikringsarbeid dei siste åra.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Vi sat og åt sein frukost og høyrde nokre små ras. Men det er vanleg, seier Monica Fjæra.
To familiar var saman på hytta i bygda med same namn som henne: Fjæra, inst i Åkrafjorden i Etne kommune.
Dei ni menneska rundt frukostbordet visste enno ikkje kva som skulle komme.
– Men så tar det plutseleg heilt av, med enorme brak og buldring. Huset ristar så veldig at vi spring ut på sokkeleisten. Då vi er nede på kaien og snur oss, ser vi svære steinar som kjem som ballar etter oss, fortel Fjæra til NRK.
Ingen vart skadde då bygda og europavegen inst i fjordbotnen vart «bombardert» av kampesteinar sundag føremiddag.
– Det var heftig. Då røyken la seg, såg vi skadane. Heldigvis blei ikkje hytta treft.
Kampesteinar landa rundt huset
– Vi har hatt veldig flaks.
Det kan ho trygt seie.
For ein bil som stod parkert to meter frå husveggen, vart knust av ein enorm kampestein. Og på motsett side av hytta hamna ein annan kampestein fem-seks meter unna.
– Det var kaos. Vi gjekk rundt og vimsa og visste ikkje kvar vi skulle gå, seier ein annan som var i same hytta, Alfred Berge, til Hardanger Folkeblad.
– Vi vaksne har funne roa. Det går nok mest utover ungane. Dei synest dette var ei veldig skremmande og ekkel oppleving, seier Fjæra.
– Vi skal tilbake til hytta. Men ungane er skeptiske, så vi må nok bearbeide dette litt først.
Ein annan stad i Fjæra vart også denne bilen knust av steinraset sundag.
12 evakuerte får ikkje flytte tilbake
12 personar i Fjæra er evakuerte, opplyser Etne kommune og Sørvest politidistrikt.
Geolog som vurderte området i løpet av søndagen tilrådde at dei evakuerte ikkje får flytte tilbake inntil vidare.
Det må gjerast nye undersøkingar i skredområdet, melde Sør-Vest politidistrikt.
Evakuerte blir tatt i vare av kommunen.
Raset over E134 sett frå austsida.
Massive kampesteinar
Det var klokka 10.44 sundag føremiddag at politiet fekk melding om det store raset i bygda søraust i Vestland fylke.
Massive kampesteinar dekkjer begge køyrefelta på E134 Haukelivegen, som blir stengd i lang tid.
Operasjonsleiar Dag Steinkopf i Sørvest politidistrikt karakteriserte situasjonen som dramatisk.
Personar som kom køyrande vestfrå, stoppa og søkte tilflukt i ein tunnel like ved.
I Fjæra er E134 mellom Haugesund og Haukelifjell knust og stengt av kampesteinane som kom ned sundag føremiddag.
Sjølv om bygningar er skadde, vart det ikkje meldt om sakna personar eller personskadar. Nødetatane var på staden for å få full oversikt over omfanget.
– Med hjartet i halsen
Ute på fjorden var Rikard Melkeraaen og ein fiskekamerat blant dei som såg det dramatiske raset frå orkesterplass.
– Eg tenkte først at det var is som rasa, men plutseleg losna berre eit heilt flak i bakgrunnen der oppe.
– Det var heilt surrealistisk å sjå på. Heile fjellet liksom losna og berre datt ut.
Han fekk opp mobilen og filma hendinga.
– Eg sat med hjartet i halsen, for det var jo akkurat køyrd nokre bilar forbi på europavegen. Så enormt dette var, raset, var eg veldig glad for at det ikkje kom bilar i den augeblinken.
I etterkant kom det ei veldig støvsky også ut til båten.
– Vi sat ei stund i skodde og såg ingenting. Så letta det etter kvart. Vi kom oss til land og fekk sjå dei store steinblokkene som hadde komme ned. Vi prøvde å få oversikt om nokon var skadde, men det var det heldigvis ikkje, seier Melkeraaen.
Han bur i Fjæra, og seier det tidlegare berre har kome småstein frå dette fjellet – ikkje store ras.
Christian Lee fekk ikkje nokon roleg tur på fjorden søndag saman med Frode Mæland.
Såg bilen sin bli knust
I ein annan båt var det to andre menn som også akkurat var ferdige med å trekke garn denne føremiddagen.
– Vi såg nokre enorme steinblokker på veg mot husa, der vi visste at det var folk. Vi tenkte at dette kan jo ikkje gå bra, seier Christian Lee.
Ute frå fjorden såg dei ei svær steinblokk knuse bilen dei sjølve hadde parkert nede ved kaien.
Då kunne dei prise seg lukkelege over at dei ikkje allereie var ferdige med å trekke garna.
– Heldigvis kom Frode litt seinare og henta meg enn vi hadde avtalt i dag, seier Lee.
Frode Mæland sat i båt på fjorden og såg bilen sin bli knust 500 meter unna.
Hadde dei vore ti minutt tidlegare ferdige med garna, kunne dei vore tilbake ved bilen og alt kunne gått mykje verre.
– Men sånn er det jo alltid. Vi er jo vande med ras her inne. Det gjekk bra denne gongen, òg, seier Lee.
– Kva tenkte du då du såg steinen treffe bilen dykkar?
– Nei, kva tenkte eg? Frode sin kommentar var at han akkurat hadde hatt bilen inne til service, så det var litt surt. Nei da, dette er jo berre materielle ting. Det betyr ingenting.
Dei mektige steinane har knust vegbana på E134 ved avkøyringa til Fjæra-bygda.
Vegvesenet: – Dette vil ta tid
E134 over Haukelifjell er ei av dei viktigaste ferdselsårene mellom aust og vest. Når vegen no er stengd ved Fjæra, får det store konsekvensar for både tungtransport og personbiltrafikk.
Steinane som ligg i vegbana er store, og før ryddinga kan ta til, må fjellet sikrast.
– Dette vil ta tid, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen til Hardanger Folkeblad.
Det er omkøyring via Suldal (riksveg 7), eventuelt via Kvinnherad.
Politiet har avslutta arbeidet sitt på staden.
Omkøyring er via Suldal (riksveg 13), eventuelt via Kvinnherad.
Risiko for etterras gjer at mannskapa ikkje kan setje i gang med opprydding med det same.
Området rundt Fjæra og Åkrafjorden er kjend for bratte fjellsider og har historisk vore utsett for både ras og steinsprang, særleg i periodar med mykje nedbør eller vekslande temperaturar som fører til frostsprenging.
Statens vegvesen har over fleire år jobba med rassikring i området, men dagens hending viser at naturkreftene framleis utgjer ein risiko langs denne viktige europavegen.