Herold

Oppdaga kvalross på kaia i Kristiansund: – Det er ikkje daglegdags

Kilde: NRK Author: Solveig Nyhus Aksnes Published: 2026-03-01 14:35:36 Last updated: 2026-03-01 17:49:50
Oppdaga kvalross på kaia i Kristiansund: – Det er ikkje daglegdags

Søndag har det blitt observert kvalross både i Kristiansund og på Tofterøy utanfor Bergen. Biolog seier det er sjeldan at dei kjem så langt sør.

Saka samanfatta:

  • Johan Målen og Geir Olsen møtte ein kvalross på kaia i Kristiansund under ein fisketur. Han måtte flytte båten for å unngå å forstyrre dyret.
  • 13-år gamle Theo Kristiansen Hammersland såg også ein kvalross i hagen på Tofterøy i Øygarden.
  • Biolog Rune Aae forklarer at kvalrossar sjeldan kjem så langt sør og oppmodar folk til å halde 30 meters avstand for å unngå å stresse dyret.
  • Tidlegare observasjonar av kvalross i Noreg har ført til debatt, som med kvalrossen Freya i 2023.
  • Kvalrossen kan vere farleg, og det er viktig å vise respekt og halde avstand.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Johan Målen fekk seg ei overrasking då han skulle ut på fisketur med kompisen sin søndag føremiddag.

Han var på veg ut av båten for å hente noko han hadde gløymd i bilen, då han oppdaga ein kvalross på kaia.

– Eg skvatt no litt, og måtte hoppe tilbake i båten. Den låg berre tre, fire meter frå båten, seier Målen.

Det var Tidens Krav som omtala saka først.

Denne kvalrossen låg å sola seg i på kaia i Kristiansund søndag.

Han torde ikkje å gå på land der kvalrossen låg. Så dei måtte gå ut med båten, og legge til kai ein anna plass for å få henta det han hadde gløymd i bilen.

Johan Målen har aldri sett ein kvalross i levande live før.

– Det er ikkje daglegdags. Ei stor oppleving å sjå at den låg der. Det er ikkje kvar dag du går på noko slikt.

Johan fekk knipsa eit par bilde av kvalrossen som låg å sola seg.

Søndag kveld opplyser politiet at dei har sett opp eit sperreband rundt kvalrossen, etter dei har fått melding om at folk går for nære for å klappe den eller ta bilete.

– Dette for å hindre at skuelystne kjem for nære, og at farlege situasjonar kan oppstå, opplyser dei.

– Låg og sov i hagen

Det var ikkje berre dei to Nordmøringane som trefte på ein kvalross søndag.

Det same gjorde 13-år gamle Theo Kristiansen Hammersland frå Bergen. Han var på hytta på Tofterøy i Øygarden kommune, og fekk sjå noko han aldri før hadde sett.

– Broren til farfaren min fann ein kvalross i hagen. Så gjekk vi bort for å sjå, så låg det berre ein kvalross i graset, sa han.

Kvalrossen kvilte seg i hagen på hytta på Tofterøy utanfor Bergen.

– Det var litt rart, for eg har aldri sett ein kvalross før, seier 13-åringen.

Han legg til at kvalrossen berre låg og slappa av.

Uvanleg syn langs kysten

Rune Aae er biolog og jobbar som seniorrådgjevar ved Birdlife. Han har god greie på kvalrossar.

Han seier det er sjeldan at ein kvalross tar turen så langt sør, fordi dei eigentleg bur på Svalbard.

– Det vanlegaste er Finnmark, for det er kort veg frå Svalbard, der vi har vår populasjon.

Han fortel at dyra som vandrar ofte er unge, i tillegg til eldre hanndyr.

Han kjem med eit tydeleg råd til dei som kjem over eit slikt dyr.

– Hald 30 meter avstand. Kvalrossen har middagskvil og må få slappe av. Jo meir vi går inntil, jo meir stressa blir han.

Ikkje første gong dei er observert

I 2013 vart det også observert ein kvalross i Kristiansund. Den enda med å bli avliva, som igjen førte til ein stor diskusjon om det var rett.

Og mange huskar kanskje den kjente kvalrossen Freya, som dukka opp i Oslo i 2023. Den vart også til slutt avliva, og fekk til og med sin eigen statue.

Kvalrossen Freya levde eit liv i sus og dus før den enda med å bli avliva.

Kvalrossen er rekna som eit farleg dyr, og ein bør halde god avstand.

Måtte ut på fisketur i sola

Etter det uvanlege synet reiste dei to karane ut på sjøen i finvêret som Kristiansund byr på denne søndagen.

– Eg har ikkje fått napp, men kompisen min har fått eit par småsei, seier Målen.

Geir Olsen og Johan Målen reiste på fisketur etter eit spektakulært møte med ein kvalross søndag.

Han klarer ikkje å seie sikkert kor stor kvalrossen var, men større enn han i alle fall.

– Eg veit den var liten. Dei kan jo bli eit par tonn tunge, seier han.

🏷️ Extracted Entities (23)

Kristiansund (place) Johan Målen (person) Tofterøy (place) Bergen (entity) Freya (entity) Kvalrossen i Kristiansund 📁 (category) Møre og Romsdal 📁 (category) Natur 📁 (category) Natur og dyreliv 📁 (category) Norge 📁 (category) Biolog Rune Aae (person) Geir Olsen (person) Svalbard (entity) Theo Kristiansen Hammersland (person) Øygarden (entity) Birdlife (entity) Finnmark (place) KI (entity) Nordmøringane (entity) Noreg (entity) OpenAI (entity) Oslo (place) Tidens Krav (person)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Kvalrossen i Kristiansund, Natur, Norge, Natur og dyreliv