Kan Europa bli involvert i krigen i Midtausten?
USA og Israel angrip Iran, som har byrja motangrep. SĂžndag hevda britane at iranske missil har blitt avfyrt i retning Kypros.
Saka oppsummert:
- USA og Israel har angripe Iran, som no har svart med motangrep
- Iranske missil blei avfyrt i retning mot Kypros, men det er ikkje truleg at Þya var mÄlet
- Ekspertar meiner det er lite sannsynleg at Iran vil angripe Europa eller USA
- Iran har avgrensa kapasitet til Ä treffe mÄl langt unna og Þnskjer ikkje Ä involvere europeiske land i konflikten
- Europa si evne til Ä pÄverke konflikten mellom USA og Iran er avgrensa
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frÄ OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar fÞr publisering.
Angrepa mot Iran held fram sÞndag. No har ogsÄ Iran svart med Ä angripe Israel.
Iranske ballistiske missil skal vere «avfyrt i retning av Kypros», seier Storbritannias forsvarsminister John Healey til BBC. Healey trur ikkje missila var retta mot Þya.
Kypros sin president Nikos Christodoulides har vore i kontakt med Storbritannia sin statsminister Keir Starmer.
â Han stadfesta klart og utvitydig at Kypros ikkje var eit mĂ„l. Alle relevante myndigheiter er fullt operative og overvaker utviklinga tett, skriv Christodoulides i eit innlegg pĂ„ X.
Sebastian Langvad, hovudlĂŠrar ved Krigsskolen, trur ikkje at hendinga vil ha stor militĂŠr betydning.
â Det dette kjem til Ă„ sette pĂ„ prĂžve er den politiske haldninga i Europa. Om dette fĂžrer til krav til USA, til dĂžmes at dei mĂ„ avslutte kamphandlingane.
Langvad peikar ogsÄ pÄ at statar som blir angripne, kan reagere med motangrep, men at det er lite truleg at Kypros vil svare slik.
Langtrekkande iranske missil
Til no har Iran gjennomfÞrt missilangrep retta mot mÄl i regionen. Fleire har lurt pÄ om dei er villige til Ä angripe mÄl lenger borte.
â Det er alltid ein fare, seier Langvad.
â Dei har ikkje eit Ăžnske om Ă„ trekke andre eksterne aktĂžrar inn i dette, legg han til.
Langvad peikar pÄ to hovudÄrsaker:
- Iran har lÄgare kapasitet til Ä treffe mÄl lenger unna
- Iran Þnsker ikkje at europeiske land aktivt skal gÄ inn i kamphandlingar mot dei
I ein Ätte minutt lang video publisert pÄ Truth Social, hevdar USAs president Donald Trump at Iran sitt forsÞk pÄ gjenoppbygging av atomprogrammet kan vere ein fare for Europa.
â Dei har forsĂžkt Ă„ bygge opp igjen atomprogrammet og dei har halde fram med Ă„ utvikle langtrekkande missil, som no kan true vĂ„re gode vennar og allierte i Europa, seier Trump i videoen.
Donald Trump fortalde om angrepet mot Iran i ein Ätte minutt lang video pÄ Truth Social.
Presidenten hevdar ogsÄ at missila snart vil kunne nÄ amerikansk fastland.
Ole JÞrgen MaaÞ, historikar og fÞrsteamanuensis ved Luftkrigsskolen, meiner at eit iransk angrep mot USA ikkje er sannsynleg, og at pÄstanden er ei svak grunngjeving for krigen no.
â Det er ingen indikasjonar pĂ„ at dei er i ferd med Ă„ utvikle missil som kan angripe USA, seier MaaĂž.
FĂžlg utviklinga i Iran her:
â Europa er pĂ„ sidelinja
At Iran kjem til Ă„ gjennomfĂžre angrep mot Europa er lite truleg, ifĂžlge Langvad.
â I samanheng med iranske motangrep, sĂ„ er det ingenting som tyder pĂ„ at dei vil byrje Ă„ skyte mot Europa, seier Langvad.
â Slik som krigen gĂ„r for seg no, sĂ„ er det innanfor dei veldig forventa rammene.
Ei stor rĂžyksky dekte Irans hovudstad Teheran sĂžndag, etter eit angrep mot byen.
MaaÞ understrekar at Iran har moglegheit til Ä gjennomfÞre angrep mot mÄl sÞraust i Europa, men at dette er «veldig lite sannsynleg».
â Det Trump hinta til er at Iran har den kapasiteten, ein kapasitet dei har hatt noksĂ„ lenge, seier MaaĂž.
â Det er ikkje spesielt sannsynleg at Europa blir involvert, legg han til.
Nato seier i ei frÄsegn publisert pÄ X at dei overvaker utviklinga i Iran og regionen tett.
Dei er fÞrebudde pÄ Ä justere styrkane etter behov for Ä forsvare seg mot «potensielle truslar», stÄr det i frÄsegna.
Det er ogsÄ lite truleg at Europa er i stand til Ä pÄverke USA i sÊrleg stor grad slik situasjonen er no.
â Mitt klare inntrykk er at Europa i stor grad er pĂ„ sidelinja, seier MaaĂž.
â Eg trur at Europa si evne til Ă„ pĂ„verke konflikten akkurat no er noksĂ„ avgrensa, legg han til.
Interessert i det som skjer i verda? HÞyr siste podkast-episode frÄ Urix: