Nyt helga, snart vender gråvêret tilbake
Plus
Den strenge vinterkulda held seg unna.
– Det er ganske gunstige prognosar for indre del av Sogn. Det blir eit vårleg preg på vêret, med opphald og de får sjå ein del til sola, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga.
Søndag bikkar me over i vårmånaden mars, som ikkje alltid kjennest så vårleg. Temperaturane i helga vil ifølgje Haga vera relativt høge for å vera tidleg i mars. I Sogndal er det til dømes meldt sju grader på dagtid, og det gode moglegheiter for periodar med sol.
– Laurdag kveld kan det vera litt meir utrygt. Då kan det koma skyer og kanskje nokre snøfjon, seier Haga.
Om natta går kryp temperaturen også ned på minussida, og det vil frysa på mange stader.
– Utpå dagen tek sola, men i skuggeparti tek det lengre tid før det smeltar, seier Haga.
Frå sørvest
Dei som skal på køyretur tidleg på dagen, må vera merksame på at det kan vera glatt.
Komande veke er det venta ein heller mild vêrtype, og ikkje så mykje nedbør. Denne gongen går den mest intense nedbøren lenger nord, men Sogn slepp ikkje heilt unna.
Meteorologen varslar ein sørvestleg vêrtype med milde luftmassar frå sør framover.
Dermed er den strenge vinterkulden truleg eit tilbakelagt stadium.
– Me ser ikkje nokre klare teikn til ei ny kuldeperiode, og me ser fram til midten av mars. Me er også komne så langt på våren at det er nok slutt på den strenge kulden, seier Haga.