Delte ut ti nye bruksforbod
Plus
Statens vegvesen avdekka nok ein gong alvorlege manglar under tungbilkontrollar på Seljestad denne veka.
Vegvesenet har drive hyppig kontrollverksemd på «vekta» på Seljestad den siste tida.
Delte ut 17 bruksforbod, 12 bøter og melde fire til politiet
Måndag, tysdag og torsdag denne veka var kontrollørane på plass igjen.
Vog 1300 kg meir enn tillate
– Måndag vart ein varebil med tilhengar stoppa, som viste seg å vera lasta heile 1300 kilo over den tillatne hengarvekta varebilen kunne dra. Føraren måtte lasta av før køyretøyet fekk køyra vidare, opplyser Sveinung Bauge i vegvesenet.
To andre sjåførar måtte sikra lasta si betre, og ein fekk bruksforbod fordi han ikkje køyrde i samsvar med ADR-regelverket for farleg gods. Dette vart også rapportert vidare til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). To førarar fekk kontrollsetel for tekniske manglar, og ein fekk gebyr for manglande vognkort.
Travel tysdag
Tysdag 24. februar var den dagen med flest avvik.
Ein førar måtte sikra lasta betre før vidare ferd. Ein annan fekk bruksforbod på grunn av gjenstandar på dashbordet og i frontruta som hindra sikta.
Det vart også utferda tre kontrollsetlar for tekniske manglar, og ein førar fekk gebyr for manglande vognkort. Elles fekk eitt køyretøy som var kravd avregistrert ordna opp i dette på staden, opplyser Bauge.
Torsdag var siste kontrolldag denne veka. Då blei ein varebil med tilhengar «premiert» med bruksforbod pga. manglande bremsar, bremselys, og dårleg lastesikring.
Ein førar fekk også eit gebyr for å mangla ein kjetting, og det vart skrive ut to kontrollsetlar for tekniske manglar.
21 reaksjonar på tre dagar
Totalt vart 138 tunge køyretøy og ni lette køyretøy kontrollerte i løpet av dei tre dagane. Oppsummert var dette resultatet:
- Tal på bruksforbod: 10
- Tal på køyretøy med skriftlege manglar: 8
- Tal på dekk/kjettinggebyr: 1
- Tal på andre gebyr: 2
Avdekka fleire alvorlege brot under storkontroll. Dette gav bot
Fra gebyr-regn til plettfri dag: Slik gikk Vegvesenets kontroller