Herold

Når temaet er eple, og politikarane vel å diskutere pærer

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Svend Arne Vee Published: 2026-02-28 09:28:23
Når temaet er eple, og politikarane vel å diskutere pærer

I tysdagens formannskapsmøtei Kinn stod politikarane sjølve på sakslista – eller meir presist: Godtgjersla og kompensasjonen dei mottek for å kunne ha råd til å drive lokalpolitisk arbeid.

Den debatten lukkast dei med berre sånn passe.

Mykje av ordskiftet handla om korvidt dokumentasjonskrava for politikarane si godtgjersle bør presiserast. Fleire meinte det var behov for klargjering, underforstått at regelverket er komplisert. Derfrå var ikkje vegen lang til at peikefingrane kom opp hos fleire: Vi må passe på at vi ikkje gjer regelverket så komplisert at det blir vanskeleg å vere folkevald.

Men med all respekt, Kinn formannskap: Korleis kunne de få denne saka til å handle om frykt for rekruttering til lokalpolitikken?

Det er, om ikkje ein skivebom, så i alle fall ingen innertiar når det gjeld kvar skoen trykkjer. Problemet er ikkje eit komplisert regelverk. Sjølv om dagens regelverk inneheld eit innslag av skjøn, burde det vere fullt overkommeleg for dei personane vi stemmer på og vel som våre ombodsmenn og -kvinner å forstå og halde seg innanfor.

Til samanlikning så er krava vi som samfunn stiller til personar som mottek trygdeytingar gjennom Nav, vel så komplisert. Og kontrollregimet der er tøft. Forskjellen er at viss ein ikkje følgjer regelverket som trygdemottakar, så slår Nav og staten og hardt ned på deg, med både bøter og i somme tilfelle fengsel. Berre spør dei 315 som fekk merke det gjennom 2025, med både bøter og fengselsstraffer som resultat.

I Kinn kommuneverkar det som kontrollregimet, eller ein kultur for å kontrollere, er fråverande. Firdaposten har gjennom dokument frå innsynsbegjæringar sett fleire døme på dette:

  • Personar med nære relasjonar godkjenner kvarandre sine godtgjerslekrav, av typen «Kan du utbetale XXXX kroner til NN? Sjå vedlegg
  • Fleire krav om tapt arbeidsforteneste, utan noko form for stadfesting av at den som krev pengane, faktisk er trekt i løn frå arbeidsgjevaren sin.
  • Personar som får telefongodtgjersle både to og tre gonger knytt til ulike verv og posisjonar – sjølv om den eine av godtgjerslene dekkjer vedkomande sine telefonutgifter fullt ut.

Debatten i formannskapet tysdag handla lite om dette. I staden for å diskutere (u) kultur, mangel på kontroll på pengeflyten, etikk og ansvar, så blei regelverket gjort til tema. Noko formelt vedtak blei ikkje gjort i saka, utover å sende saka vidare til gruppeleiarutvalet.

Kort oppsummert:Vi held fram som før.

Det paradoksale er at viss dei folkevalde skjerpa seg på dette feltet, og brukte den vesle tida som er naudsynt til faktisk å forstå reglane – og følgje dei – så ville det kanskje blitt dyrare for Kinn kommune å finansiere lokalpolitisk arbeid. I dag er det ei lita handfull folkevalde, som gjennom sine verv og posisjonar, krev og mottek ein stor andel av den totale pengepotten.

Mottek enkelte meir enn kva dei har krav på? Vel, det veit vi ikkje sikkert, all den tid ting i liten grad verkar å bli kontrollert, eller i alle fall ikkje synleg korrigert. Men krev det store fleirtalet av folkevalde for lite? Det kan godt vere.

Men det er uansett ikkje poenget. Det saka kokar ned til, er truverd. Skal ein kommune, ein fylkeskommune eller staten krevje at vanlege folk følgjer lover og reglar, så må dei som lagar reglane faktisk følgje reglane sjølve. Og dei gongene det blir avdekt at så ikkje er tilfelle, så må det i det minste rettast opp i. Det er dei folkevalde og kommunen sjølv som i dette tilfellet må anstrenge seg for å halde havresekken minst ei fjøslengd unna bukken – og tydeleg vise fram at så blir gjort. Det skuldar kommunen innbyggjarane sine, dei som over skattesetelen er med og finansierer ordninga.

Og dei skuldardet ekstra mykje til dei som sit med Nav-meldekorta sine ein fredag føremiddag februar, livredde for å krysse feil og bli slått ned på.

🏷️ Extracted Entities (2)

Kinn (entity) Nav (entity)