Magnus Smidesang RĂžnningen har blitt einig med kreditorane
Magnus Smidesang RÞnningen og kreditorar har funne ei lÞysing i VÄgÄ.
Saka samanfatta:
- Magnus Smidesang RÞnningen har inngÄtt ei frivillig gjeldsordning med kreditorane i VÄgÄ-selskapa.
- LÞysinga inneber eit innskot pÄ sju millionar kroner frÄ nye investorar, og kreditorane fÄr tilbake om lag halvparten av det utestÄande.
- To av VĂ„gĂ„-selskapa, VĂ„gĂ„ Overnatting AS og Bokhandelân Kafe AS, blir tvangsavvikla grunna at revisor har slutta.
- RÞnningen vil halde fram som medeigar i VÄgÄ og meiner dei stÞrste Þkonomiske utfordringane er over.
- Ein kreditor uttrykkjer misnÞye med tap, men hÄpar pÄ vidare utvikling av Bygde-Noreg.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frÄ OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar fÞr publisering.
Over lengre tid har Magnus Smidesang RÞnningen jobba med ei frivillig gjeldsordning for VÄgÄ-selskapa, retta mot kreditorane som ikkje har sikra seg med pant.
No har dei kome til einigheit, seier advokat Nils Holger Koefoed i Ro Sommernes til Dagens NĂŠringsliv.
IfÞlge avisa inneber lÞysinga eit innskot av frisk eigenkapital pÄ sju millionar frÄ nye investorar, utan at avisa er kjent med kven dei er.
Det var GD som fyrst omtala saka.
I 2022 kjÞpte Magnus S. RÞnningen seg opp i VÄgÄ. Planen var Ä satse pÄ reiselivsnÊring og Ä blÄse liv i bygda.
Fortset som medeigar
RÞnningen skriv til NRK i ein e-post at han vil fortsette som medeigar i VÄgÄ.
â Eg likar Ă„ fullfĂžre det eg startar, og vil fortsette som medeigar i VĂ„gĂ„. Eg fĂžler meg sikker pĂ„ at vi skal greie Ă„ komme i mĂ„l med den visjonen vi starta ut med. Dei stĂžrste Ăžkonomiske lĂžfta er gjort, sĂ„ fĂ„r vi sjĂ„ om det er sjarmĂžretappen eller eit nytt maraton som gjenstĂ„r. Det veit ein aldri i det private nĂŠringslivet.
Advokaten seier at lÞysinga inneber at kreditorane fÄr drygt halvparten av det utestÄande.
Andre kreditorar
Den frivillige gjeldsordninga galdt kreditorar som ikkje hadde sikra krava sine ved for eksempel pant i eigedom.
Blant dei stÞrste kreditorane som har teke pant i VÄgÄ-eigedommane, finn vi Sparebanken 1 Lom & SkjÄk med pant for til saman 140 millionar kroner, Skatteetaten med litt over 700.000 kroner og mellom anna tidlegare advokatar og rekneskapsfÞrarar for selskapa.
IfÞlgje advokat Nils Holger Koefoed i Ro Sommernes er alt utestÄande gjort opp med tidlegare advokatar, rekneskapsfÞrarar og skatteetaten i trÄd med den frivillige gjeldsordninga.
Han seier ogsÄ at banken fortsett som bankforbindelse.
â Som panthavar har vi i slike prosessar tett dialog med lĂ„ntakar og den juridiske rĂ„dgivaren til lĂ„ntakaren. I denne saka har banken jobba for ei lĂžysing for Ă„ sikre leverandĂžrane delvis oppgjer. Framover er det viktig for banken Ă„ sikre fĂžreseielegheit for nĂŠringsdrivande og leigetakarar i RĂžnningen sine eigedommar i VĂ„gĂ„. NĂ„r det gjeld detaljar i forholdet mellom banken og lĂ„ntakar, kan dette ikkje delast, seier administrerande banksjef Unni Strand til avisa GD.
â Bygde-Noreg mĂ„ vidareutviklast
Torstein Brun, ein av dei stĂžrste usikra kreditorane, stadfestar at Brun Bygg har vorte samde med RĂžnningen.
â IfĂžlgje DN er det snakk om at kreditorane har fĂ„tt tilbake om lag halvparten av det RĂžnningen skuldar dykk?
â Det er i det omrĂ„det der, ja.
â Er de nĂžgde?
â Eg kan ikkje seie eg er direkte nĂžgd, men dette er ei form for akkordlĂžysing som vart tilboden alle kreditorane, og som alle mĂ„tte akseptere. DĂ„ vart det slik.
Han minner om at det er mange som har tapt monalege summar pÄ VÄgÄ-selskapa til RÞnningen, inkludert den lokale banken, lokale entreprenÞrar og ikkje minst RÞnningen sjÞlv.
â Eg kjenner ikkje til RĂžnningen sine vidare planar, men hĂ„par VĂ„gĂ„ kjem positivt ut av dette. Vi treng at Bygde-Norge blir vidareutvikla.
Advokat Nils Holger Koefoed opplyser at RÞnningen taper 76 millionar kroner i forfalle lÄn frÄ sitt holdingselskap, puss all eigenkapital som er skote inn i tillegg.
Torstein Brun i Brun Bygg har vore ein av dei stÞrre aktÞrane i VÄgÄ som ikkje har fÄtt fullt ut betalt for arbeidet i RÞnningens eigedomar.
Tvangsavviklar to selskap
To av VÄgÄ-selskapa blir avvikla.
VĂ„gĂ„ Overnatting AS og Bokhandelân Kafe AS har vore under avvikling sidan hausten 2024. Men fordi BrĂžnnĂžysundregistera ikkje har fĂ„tt beskjed om endeleg sletting, har bustyrar Ingrid Storvik i Advokatene i VĂ„gĂ„ fĂ„tt ansvar for Ă„ tvangsavvikle selskapa. â Eg har akkurat tatt imot desse sakene, sĂ„ eg har ingen informasjon til dykk ennĂ„, seier Storvik.
Tidlegare har ĂČg Kaffekroken Biteti AS blitt avvikla.
Raude tal
Det har knapt vore reell drift i VÄgÄ Overnatting AS sidan oppstarten av selskapet i 2022, ifÞlge Ärsrekneskapane.
Den siste leverte Ärsrekneskapen enda med eit resultat fÞr skatt pÄ minus 269.000 kroner, med ein eigenkapital pÄ minus éin million i 2024.
Selskapet har ogsÄ ei langsiktig gjeld pÄ nesten 5,4 millionar kroner til andre selskap i same konsern.
Gjeld til lokalbanken
Bokhandelân Kafe AS har berre levert Ă„rsrekneskap for 2023.
Da omsette selskapet for 7,3 millionar kroner, og enda med eit resultat fÞr skatt pÄ minus 3,5 millionar kroner.
OgsÄ i dette selskapet er eigenkapitalen tapt, han var pÄ minus 5,6 millionar kroner.
IfÞlge Ärsrekneskapen har selskapet ei kortsiktig konserngjeld pÄ 8,7 millionar kroner, samtidig som dei ogsÄ noterer at gjelda til selskapet er i Sparebank 1 Lom og SkjÄk.
Dagens kafĂ©drift i bygget Bokhandelân er tatt over av andre.
â Vi som driftar no har ingenting med det selskapet Ă„ gjere, og er da ikkje pĂ„verka av denne tvangsavviklinga, bekreftar drivar Tor Andvord.