Forskarar trur matmangel har tatt knekken på lundefugl på Runde i vinter
Forskarane trur at lite mat har ført til at tusenvis av dei ikoniske lundefuglane har stroke med i vinter. Arten er frå før sterkt trua.
Forskarar har på nytt slått alarm om den spesielle lundefuglen denne vinteren.
Nyleg blei 22 fuglar funne døde på Runde på Sunnmøre, og etter kort tid kom det fleire meldingar frå andre kantar av landet om det same.
No slår forskarar ved Runde Miljøsenter fast at det truleg er svolt som er årsaka.
– Det er den mest trulege forklaringa her at dei ikkje hadde nok mattilgang, seier forskar Christoph Noever.
Han peikar på at det truleg har mangla fisk i havet i rett storleik. I tillegg har det vore mykje dårleg ver sør i Europa. Dette kan ha samanheng med klimaendringane.
– Klimaendringane gjer livet veldig mykje vanskelegare for sjøfuglane, seier han.
Forskarane trudde først at fugleinfluensa kunne vere årsaka, det har dei no gått vekk frå.
Både feitt og muskelmasse er borte
Forskarane som arbeider berre eit steinkast frå eitt av Noregs mest kjende fuglefjell har dei siste dagane opna fleire av dei døde fuglane og studert innmaten for å sjå om det kan gje svar.
– Her er det absolutt ikkje feitt under huda. Det tyder på at den har svelte og døydd av svolt, seier forskar Christoph Noever.
Han har opna brystet til ein av dei kvit- og svartkledde fuglane og ser at brystkasta heller ikkje har særleg muskelmasse igjen. Det gir eit klart svar på alt for lite mat.
Massedød i Nordaust-Atlanteren
Forskaren har tidlegare slått fast at det truleg er mange hundre døde lundefuglar utanfor kysten av Noreg i vinter. Dei færraste når land og blir oppdaga.
I tillegg er det meldt om massedød i Nordaust-Atlanteren denne vinteren.
Sjølv om det finst millionar av lundefugl i verda, er han raudlista, og talet har minka drastisk sidan toppåra på 50- og 60-talet.
– Kor dramatisk er det?
– Det som er faren er dersom slike ting skjer mange år i ein kort periode, seier han, og legg til:
– Då kan det fort føre til ein drastisk nedgang i populasjonen, seier han.
Oversikt over kvar det er funne døde lundefuglar i vinter.
– Ingen kvikk-fiks
Seniorforskar Signe Christensen-Dalsgaard i Norsk institutt for naturforsking seier at det har vore betydeleg varmare i Nordsjøen dei siste åra. Ho meiner dette kan ha påverka mattilgangen til fuglane negativt og dermed medverka til årets massedød.
– Det er dessverre ingen kvikk-fiks for slike episodar, for endingane er teikn på matmangel både i overvintringsområde og rundt hekkekoloniane, slår ho fast.
Christensen-Dalsgaard seier dei overordna utfordringane er fiskeriforvaltning og klimaendringar. Ho framhevar også at det er viktig å etablere verneområde både ved beiteområda rundt hekkekoloniane og i viktige overvintringsområde.
Seniorforskar Signe Christensen-Dalsgaard ved Norsk institutt for naturforsking.
Ventar med spenning på returen
Lundefuglen er venta tilbake til Runde rundt 20. mars og forskarane ventar i spenning.
Først då vil dei sjå kor mange fuglar som manglar i flokken.
I eit normalår kan 35.000-40.000 par kome flygande, og dei siste åra har hekkinga på Runde vore god.
– Vi har sett lundar skylt på land døde, så kor mange lundefuglar som vender tilbake og er i fysisk form til å ruge her på Runde, det er det vi er mest spent på no, seier forskar Johannes Madsen.