Herold

Last ned poengskjema og lag den beste MGP-festen

Kilde: NRK Author: Geir Bjarte Hjetland Published: 2026-02-27 17:54:17
Last ned poengskjema og lag den beste MGP-festen

Er du klar for Ärets stÞrste paljett-bonanza? Her er oppskrifta pÄ korleis du inviterer til ein perfekt MGP-finalekveld.

Her kan du laste ned poengskjema og printe ut!

Poengskjema

Oppskrifta og tipsa har vi fÄtt frÄ P1-kommentator og MGP-entusiast Jon Marius Hyttebakk.

Han er nemleg ein av dei som elskar Ă„ lage til festar der glamouren sit laust.

Her er proffens beste rÄd for ei vellukka feiring:

Nei takk, taco

  • Hald serveringa enkel (og dropp tacoen!): Ikkje overkompliser matvegen. Lett fingermat og snacks fungerer alltid best. Taco er strengt forbode – det blir rett og slett for mykje sĂžl og styr midt under sendinga.
  • Tips: KĂžyr gjerne tema! Sidan Eurovision vart halden i Wien i mai, kan du servere wienerpĂžlser, wienerbrĂžd og wiener melange.
  • Om du absolutt vil ha taco, sĂ„ fĂ„r du eit godt tips til Ă„ unngĂ„ sĂžl her: Taco i vaffeljern smaker kjempegodt, og det einaste du trenger er tacorestar! Du trenger javascript for Ă„ se video. Taco i vaffeljern smaker kjempegodt, og det einaste du trenger er tacorestar!

Glad i glitter

  • Maksimalisme i pynt og tĂžy: Flagg, ballongar og paljettar er vegen Ă„ gĂ„. Jo fleire flagg, jo betre!
  • Gjestene bĂžr oppmodast til Ă„ bruke glitter og paljettar, men ikkje gjer det obligatorisk – vi vil jo ikkje skremme bort dei mest alminnelege TV-sjĂ„arane.

Fyll huset med ballongar, det er alltid stemning!

Print er fint

  • Husk poengskjema og bingo: Ingen MGP-fest utan noko Ă„ notere pĂ„! Print ut poengskjema og bingokort til alle gjestene pĂ„ fĂžrehand.
  • Dette er ein sjĂžlvskriven klassikar som held spenninga oppe gjennom alle bidraga.

Varm opp med video

  • Bruk timane fĂžr sending til felles opplading. SjĂ„ musikkvideoar av bidraga frĂ„ dei andre landa, eller ta eit nostalgisk tilbakeblikk i arkivet.
  • Eit lite triks: Ikkje sjĂ„ finalebidraga rett fĂžr showet startar. Spar fĂžrsteinntrykket til artistane faktisk stĂ„r pĂ„ scena!
  • Vis respekt for musikken: NĂ„r artistane opptrer, skal det heiast og jublast, men ikkje snakk om vĂȘr og jobb!
  • Legg bort telefonen (med mindre du skal stemme!), finn fram poengskjemaet og bli med pĂ„ moroa.
  • Hugs: Har du ikkje fĂ„tt minst Ă©in naboklage for stĂžy i lĂžpet av kvelden, har du gjort noko feil!

Her kan du laste ned poengskjema og printe ut!

Poengskjema

đŸ·ïž Extracted Entities (11)

MGP (entity) Eurovision Song Contest 2026 📁 (category) Kjendiser og internett (Underholdning) 📁 (category) Kultur & Underholdning 📁 (category) Melodi Grand Prix 2026 📁 (category) Underholdningsavdelingen 📁 (category) MGP-entusiast Jon Marius Hyttebakk (organization) P1 (entity) Sidan Eurovision (person) TV (entity) Wien (entity)

📊 Metadata

Category: Melodi Grand Prix 2026, Underholdningsavdelingen, Kultur & Underholdning, Kjendiser og internett (Underholdning), Eurovision Song Contest 2026