Herold

Trailer braut saman: – Glad det skjedde på kontrollstasjonen

Kilde: NRK Author: Lars Håkon Pedersen Published: 2026-02-28 11:16:51
Trailer braut saman: – Glad det skjedde på kontrollstasjonen

Ein 15 tonn tung kranbom var festa med enkle stroppar, og heile golvet på tilhengaren knakk da Vegvesenet tok han inn for kontroll.

Saka oppsummert:

  • Eit litauisk vogntog med ein 15 tonn tung konteinarbom blei stoppa på Svinesund for kontroll.
  • Lasta var sikra med berre tre enkle stroppar og låg på eit tregolv som ikkje var eigna for vekta.
  • Under bremsekontrollen forskauv lasta seg, og golvet i tilhengaren knakk saman.
  • Det blei oppdaga alvorlege feil på bremsene, inkludert mangel på brems på venstre framhjul.
  • Sjåføren er meld til politiet, og køyretøyet fekk bruksforbod og måtte bergast til verkstad.
  • Vegvesenet er glade for at hendinga skjedde på kontrollplassen og ikkje ute på vegen.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Det var torsdag det litauiske vogntoget kom inn over grensa på E6 ved Svinesund.

Det var lasta med ein kraftig bom til ein konteinartruck, med ei vekt på rundt 15 tonn.

– På vekta blei det oppdaga unormal luftlekkasje, seier leiar for utekontrollen på Svinesund trafikkstasjon, Øyvind Grotterød.

Kontrollørar til Statens vegvesen valde derfor å ta det tunge køyretøyet inn i bremsehallen for utvida kontroll.

Det skulle ikkje gå så bra.

– I det vi rullar fint ned i bremseprøva sklir lasta og går tvers igjennom golvet i tilhengaren og slår han skeiv, fortel Grotterød.

Lasta var ein bom til ein konteinartruck, og tilhengaren var ikkje eigna for den tunge lasta.

Mangla bremser

Kontrollen viste at det var luftlekkasje i bremsene framme på vogntoget, som altså frakta ei tung last.

– Det viser seg at det ikkje er brems på venstre framhjul, konkluderer Øyvind Grotterød.

Bommen på 15 tonn var lasta i ein vanleg kapelltilhengar med tregolv, som ikkje er eigna til denne typen transport.

Den tunge lasta kvilte på to 4x4 tommars bjelkar og hadde tre enkle stroppar som sikring.

– Det er langt under krava til sikring av gods. Dette er eit veldig grovt tilfelle, og kunne ført til alvorlege hendingar langs vegen, seier Vegvesenets kontrollsjef på Svinesund.

Slik såg traileren ut etter at lasta forskauv seg og gjekk gjennom tregolvet.

Meldt og inndratt

Vegvesenet er trass alt fornøgd med at det blei oppdaga, og at køyretøyet enda ferda der ho gjorde.

– I etterkant av hendinga er vi glade for at det skjedde på kontrollplass i staden for langs vegen, seier Øyvind Grotterød.

Sjåføren av vogntoget er meld til politiet, og dei fekk bruksforbod på køyretøyet. Det måtte bergast til næraste verkstad.

Kjennemerke på begge køyretøy er inndratt.

Heile tilhengaren blei slått skeiv da lasta forskauv seg og fall gjennom tregolvet.

🏷️ Extracted Entities (10)

Svinesund (place) Grensekrim (Østfold) 📁 (category) Trafikksikkerhet 📁 (category) Østfold 📁 (category) Øyvind Grotterød (person) Vegvesenet (entity) E6 (entity) KI (entity) OpenAI (entity) Statens (entity)

📊 Metadata

Category: Østfold, Grensekrim (Østfold), Trafikksikkerhet
OpenGraph Title: Trailer braut saman under kontroll
Twitter Title: Trailer braut saman under kontroll