Herold

- Bli med på konferanse og få svar på korleis kvardagen blir framover

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2026-02-26 23:04:02
- Bli med på konferanse og få svar på korleis kvardagen blir framover

Ingvild Bjørneboe Iversen frå Stanghelle kjem med ei oppmoding til innbyggjarane i Vaksdal kommune: Bli med på Bergen-Voss-konferansen og få svar på spørsmåla dine.

Ingvild Bjørneboe Iversen bur på Stanghelle og er ein del av «Vossaløysinga AS», eit interessefellesskap som består av næringsliv, offentleg sektor, organisasjonar og privatpersonar, etablert med eit hovudmål om å få realisert ei trygg samferdsleløysing for regionen.

Ho ønskjer å gjera folk oppmerksame på at ein kan få svar på spørsmåla sine på konferansen på Voss, som skal vera 26. mars. Der er Vossaløysinga ein av arrangørane.

- For oss som bur i Vaksdal kommune er dette høgst relevant, då anleggsperioden for ny veg og bane vil påverka pendling, reisetid og trafikktryggleik direkte. Konferansen kjem til å gje svar på dei praktiske spørsmåla mange i lokalmiljøet måtte ha, seier Bjørneboe-Iversen.

Full tunnelstart frå hausten 2026: Her kjem dei største endringane på vegen

Status for milliardprosjektet

Bergen-Voss-konferansen vert arrangert i Voss kulturhus siste torsdagen i mars. Dette er ein statuskonferanse for Noregs største samferdselsprosjekt, ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle, som no har ei kostnadsramme på nær 50 milliardar kroner.

Her vil ein få vita meir om når byggjearbeidet faktisk startar, kva framdrifta blir, og ikkje minst kva dette vil krevja av dei som bur langs traseen og ferdast i trafikken. Konferansen samlar toppleiinga i Statens vegvesen og Bane NOR, og dessutan fleire folkevalde – inkludert Vaksdal sin ordførar, Hege Eide Vik.

Vaksdal kommune er ein av medarrangørane av konferansen.

Ser vidare mot Voss

Eit anna tema på konferansen vil vera framtidsutsiktene for strekninga frå Stanghelle til Voss. Stortinget gjorde eit historisk vedtak i juni 2025 om å byggja og finansiera første etappe Arna-Stanghelle, og det fysiske arbeidet i terrenget startar i 2026. Vossaløysinga meiner jobben ikkje er ferdig med det.

- Med Arna-Stanghelle i gang, meiner ei brei samling av aktørar, mellom anna Bergen Næringsråd, K5-Alliansen, Voss Næringsråd, Vaksdal Næringsselskap og Vossaløysinga, at tida no er inne for å starta planprosess for del 2 av K5, Stanghelle-Voss. Målet er samanhengande utbygging heilt til Voss, der valet står mellom fire fjellovergangar, aust og vest og i tillegg der Bergensbanen kryssar høgfjellet. Vestlandet treng ei tryggare, raskare og meir robust hovudpulsåre for veg og bane, seier Anders H. Lauritzen, styreleiar i Vossaløysinga i ei melding.

Regionen står samla

Vaksdal kommune og Voss herad har allereie sendt eit felles planinitiativ for å visa at regionen gjer seg klar for neste etappe. Både Vossaløysinga og K5-alliansen står no i bresjen for kravet om ei samanhengande utbygging heilt til Voss, for å gje Vestlandet den trygge og robuste hovudpulsåra regionen treng, heiter det i ei melding.

🏷️ Extracted Entities (20)

Voss Næringsråd (person) Vossaløysinga AS (entity) Stanghelle (entity) Vaksdal Næringsselskap (person) Arna-Stanghelle (entity) Ingvild Bjørneboe Iversen (person) K5 (entity) Anders H. Lauritzen (person) Arna (entity) Bane NOR (organization) Bergen Næringsråd (person) Bergen-Vos (entity) Bergensbanen (entity) Bjørneboe-Iversen (entity) Hege Eide Vik (person) K5-Alliansen (entity) Noregs (entity) Stanghelle-Vos (entity) Statens (entity) Vestlandet (entity)