Vi kan ikkje risikere Ă„ miste viktige arbeidsplassar i regionen
Plus
Kommunane i Sogn ser pÄ korleis ein kan samarbeide betre om tenester, og kommunedirektÞrane/rÄdmennene har kome med eit framlegg om fire tenester med vertskommuneansvaret plassert i Vik for kartsamarbeid, Luster for skog, à rdal for NAV og Sogndal for barnevern.
Eg er positiv til samarbeid mellom sognekommunane. Likevel vil eg lÞfte ei problemstilling. Eg har stilt spÞrsmÄl ved NAV-samarbeidet fordi eg sÊrs utrygg for om det Ä velje à rdal som vertskommune kan ha konsekvensar for dei mange statlege, regionale arbeidsplassane i NAV-bygget pÄ Leikanger. Det kan ikkje regionen risikere, og om vi skal gÄ vidare med desse planane, mÄ dette avklarast.
NAV har ei stor Þkonomiteneste pÄ Leikanger. NAV kontaktsenter har mange medarbeidarar i NAV-bygget, og i tillegg valde NAV Vestland Leikanger som lokasjon for sitt regionkontor for Sogn. Dei fleste av arbeidsplassane i NAV-bygget er staduavhengige, det betyr at dei kan lÞysast andre plassar i Vestland og i landet. NAV har rekruttert godt pÄ Leikanger, og har bygd opp eit sterkt kompetansemiljÞ, likevel kan fÞresetnadene endre seg.
I fĂžrste omgang er det regionkontoret for Sogn som kan kome i spel om sognekommunane vel Ă rdal som vertskommune for NAV-samarbeidet.
Dette handlar ikkje om kvaliteten pÄ NAV-kontora i kommunane i Sogn. Dette handlar om at vi ikkje kan setje viktige arbeidsplassar i spel. Difor mÄ dette vere ein del av saksutgreiinga nÄr kommunestyra i Indre Sogn kvar for seg skal gjere vedtak.
Om denne kunnskapen ikkje vert ein del av saksgrunnlaget fÞr jul, mÄ avgjerda utsetjast.