Herold

Uskedal Musikklag fyller 90 år: – Det blir sjølvsagt eit stort kakebord

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Cassandra Grundtvig Jespersen Published: 2026-02-27 17:01:00
Uskedal Musikklag fyller 90 år: – Det blir sjølvsagt eit stort kakebord

Søndag 1. mars er det duka for storstilt feiring i Helgheim.

Feiringa tar plass på same dato som Uskedal Musikklag blei skipa, 90 år tilbake i tid.

«Det var ungdomslaget som gjorde det viktige vedtaket, og korpset er såleis eit særlag under ungdomslaget med sjølvstendig drift. Tilknytinga til ungdomshuset Helgheim har såleis alltid vore sterk, og derfor er ingenting meir naturleg enn at jubileumsmarkeringa føregår der komande søndag ettermiddag», står det i ei pressemelding frå musikklaget.

Laget informerer om eit rikhaldig program for bursdagsfeiringa, som er gratis og open for alle.

«Jubilanten sjølv opnar det heile med ei instrumental avdeling før dei går over i ein meir historisk bolk. Der vil ein sekstett først spela eit nummer på dei første instrumenta før det blir ein mimresamtale med fire tidlegare og noverande medlemmer med lang fartstid. Det er venta at det her blir presentert både fakta og gode historier», står det å lesa i omtalen av arrangementet

Ei rekke innslag – som framvising av gamle uniformer, musikkopptak og bilde – kjem som avbrekk innimellom pratinga, og truleg blir det òg nokre overraskingar, melder laget.

Ikkje minst blir det noko godt å setta tennene i:

«På ein 90-årsdag er det sjølvsagt eit stort kakebord, og det blir sett av god tid til både kakeeting, kaffi- og saftdrikking og god drøs. Om nokon vil fortelja ei god historie med tilknyting til musikklaget, er det òg tid for det.».

På tampen av feiringa er det lagt opp til ei allsongøkt med Kristian Bringedal i spissen:

«Dette har dei siste åra på mange måtar blitt korpset sitt særprega varemerke. Då blir sjølvsagt det fine songheftet til laget brukt, og det bør bli ei passande avslutning på feststunda», skriv musikklaget.

Ingen søkte på jobben – vurderer å flytta stillinga til Rosendal

🏷️ Extracted Entities (4)

Uskedal Musikklag (person) Helgheim (place) Kristian Bringedal (person) Rosendal (place)