Kva skal koma fyrst på Voss?
Plus
Fyrst vil eg takka fleirtalet som lytta til innbyggjarane i siste heradsstyremøte og sa ja til å byggja om skulebygga på Bolstad og Oppheim til barnehage. INP, SP, H, V, MDG og tre uavhengige – særleg fyrstnemnde som stilte krav – fortener ros. Takk for at de ser oss og moglegheitane som ligg i utkantane.
I sitt lesarinnlegg 25.02 skriv Kragh og Aarethun frå Arbeiderpartiet: «I ei ideell verd vil sjølvsagt også me ha barnehagar og skular både i utkantane og i sentrum, men vår klare vurdering er at der er ikkje Voss herad no.»
Medan ein ventar vert handlingsrommet stadig mindre
Det er eit interessant utgangspunkt. For i ei ikkje-ideell verd har dei likevel funne rom for å bruka millionar av kroner til kulturhus nummer to på Vangen, til komande oreigning for fallskjermklubben på Bømoen og til kjøp av Bjørkemoen.
Misforstå meg rett: Eg unner både Gamlekinoen, Fallskjermklubben og Bjørkemoen satsing. Men slik Kragh og Aarethun sjølve formulerer det – mi klare vurdering er at der er ikkje Voss herad no. Når økonomien er trong og handlingsrommet vert omtala som «heilt vekke», lyt prioriteringane vera klåre.
Ein kan ikkje hevda at me ikkje har råd til å sikra barnehage- og skuletilbod i både sentrum og utkantane, samstundes som ein finn rom for andre millionprosjekt. Det heng dårleg saman.
Eg er einig i at me lyt nytta midlane med vit framover. Eg og Arbeidarpartiet sine representantar er berre usamde om kva som bør koma fyrst.
For meg er det enkelt: Basistenestene kjem fyrst.
Kom med kjempegåve til den planlagde storstova: – Me vart litt rørte
Rådmannen fekk ikkje gjennomslag: – Me skal fylgja opp vedtaket lojalt
Stabssjefen overraska over talet: – Dette resultatet ser kunstig bra ut