Herold

Melding frå brannvernet: – Det vil sjå reelt ut

Plus
Kilde: Hordaland Author: Tonje Oliversen Published: 2026-02-27 15:00:00
Melding frå brannvernet: – Det vil sjå reelt ut

Fredag kveld skal røykdykkarane i Voss brannvern trena på å røykdykka i eit hus i Lekvemoen.

Voss brannvern vil fredag kveld, og dei tre neste fredagane, gjennomføra øvingar for røykdykkarar.

Øvingane vil gå føre seg i eit hus i Lekvemoen 16 på Voss, og vil vara i to timar frå klokka 18 til 20.

Vil sjå reelt ut

Det er brannkonstabel Bjørn Sverre Ekran frå Voss brannvern som ynskjer å informera vossingane om øvingane.

– Me ynskjer å melda frå slik at folk som bur i nærleiken veit kva me driv med. Det vil vera synleg med mannskap, røyk og utstyr i gata.

Ekran fortel at dei vil gjennomføra ei «kald røykdykkarøving», som vil seia at røyken dei brukar er teaterrøyk.

– Men det vil sjå reelt ut.

Krav om øvingar

Kvart år må Voss brannvern gjennomføra eit visst tal øvingar.

Øvingane som vil gå føre seg dei fire neste fredagane er ein del av øvingane som brannvernet må gjennomføra.

🏷️ Extracted Entities (3)

Voss (entity) Lekvemoen (entity) Bjørn Sverre Ekran (person)