Heile heradet skal med i skule-og barnehageløysinga
Plus
Innlegget frå Arbeidarpartiet gjev eit inntrykk av både prosess og innhald i vedtaket 5. februar som rett og slett ikkje stemmer. Når me står midt i den største omstillingsoppgåva Voss herad har vore gjennom på fleire tiår, er det avgjerande at den offentlege debatten byggjer på korrekte framstillingar.
At Ap les vedtaket som om bygginga alt er beslutta, seier meir om deira eigen tolking enn om innhaldet i vedtaket. Det er heilt grunnleggjande at ingen byggjeprosjekt kan starta utan finansiering og eigne vedtak, og dette veit alle som sit i heradsstyret.
Medan ein ventar vert handlingsrommet stadig mindre
Retningsvalet me har gjort, handlar om å førebu og utgreie. Her kjem sakene attende til politisk handsaming når økonomisk inndekning ligg føre. Å framstilla dette som noko anna, er misvisande.
Når ein faktisk samanliknar forslaga som låg på bordet i sak 06/26, ser ein eit enkelt faktum: Det er små forskjellar mellom framlegga, spesielt på dei kortsiktige tiltaka. Ap og SV foreslo mykje av det same, og me stemde for mykje av det same.
Den einaste reelle skilnaden er at fleirtalet er villige til å peika ei meir distriktsvenleg retning for vidare utgreiing knytt til barnehage på Bolstad og Oppheim, og ynskte ikkje å peika på ei retning der me reduserer tal grunnskular i vest.
Både i vest og i nord er reiseveg til skule og barnehage lang. Dette har senterpartiet teke omsyn lagt til og lagt til grunn for sitt syn i barnehagevedtaket. Nedlegging av Evanger skule vil også føra til uhaldbart lang skuleveg.
Dei største utfordringane i skulestrukturen har me i sentrum. Det var i heradsstyret 5.februar stor politisk semje om at ein stor ny skule i sentrum ikkje skulle prioriterast. Administrasjonen er bedt om å koma attende til heradstyret med eit nytt alternativ for skular i sentrum med nyinvesteringar der det er mogeleg og vedlikehald der det er tilstekkeleg. Her var fleirtalsvedtaket og framlegget frå AP/SV mykje godt likelydande. Reknestykket i sentrum treng ikkje justerast ned med mange prosent før ein kan seia at dei investeringane som er peika på i distrikta er fullt forsvarlege og godt innafor den investeringsramma som skule- og barnehagesaka totalt har lagt opp til.
Innlegget frå Arbeidarpartiet gjev eit inntrykk av både prosess og innhald i vedtaket 5. februar som rett og slett ikkje stemmer. Når me står midt i den største omstillingsoppgåva Voss herad har vore gjennom på fleire tiår, er det avgjerande at den offentlege debatten byggjer på korrekte framstillingar.
Ap ynskte ikkje å stå bak fleirtalsvedtaket, og no vert dette forsøkt framstilt som eit dramatisk avvik. Det held ikkje mål.
Det blir hevda at fleirtalet sitt framlegg kom brått og utan tid til vurdering. Det stemmer ikkje.
Her er realitetane:
• Elementa i framlegget låg allereie framme i formannskapet veka før.
• Eit forsøk på å skapa eit fellesframlegg vart sendt til gruppeleiarane tidlegare same veke.
• Ap var kjende med både innhald og retning, men valde å ikkje vera med så lenge utgreiing av Bolstad og Oppheim låg inne.
• Endringane i fellesframlegget møtedagen handla om formulering, ikkje politikk.
Å framstilla dette som ein «over bordet»-prosess er difor feil, og det skapar unødvendig mistillit.
Voss herad er i ein krevjande økonomisk situasjon. Då treng me ikkje retorikk som bidreg til forvirring. Me treng ansvarlege val og korrekt framstilling av fakta. Fleirtalsvedtaket peikar ei retning og set i gang naudsynte prosessar, utan å binda heradsstyret til investeringar utan inndekning. Å antyda noko anna er ikkje berre feil, men det tek fokus vekk frå det eigentlege arbeidet me må gjera.
Kva skal koma fyrst på Voss?
Økonomi og skulepolitikk
Ynskjer lovlegkontroll: – Me må vita at det har blitt gjort skikkeleg
– Dramatisk for ein oppvekstsektor som allereie driv effektivt