Herold

Kjem med åtvaring: – Me er veldig spente på helgetrafikken

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sara Finne Kayser Published: 2026-02-27 17:00:00
Kjem med åtvaring: – Me er veldig spente på helgetrafikken

– Alle treng ikkje å reisa heim samtidig på sundag, seier politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand.

Dei siste dagane har det vore mykje kaos på vegane, med sørpeskred og stengingar. Fredag føremiddag ser vêret ut til å ha roa seg, men skredfaren er framleis høg.

Politioverbetjent på Voss politistasjon, Bjørn Inge Aarsand, seier at dei er spente på helgeutfarten på vegane både fredag og sundag.

– Det gjeld dei som kanskje har tenkt seg til fjells i dag då det der meldt fint vêr i helga, og det gjeld dei som har hatt vinterferie og skal heim på sundag, seier han.

Bjørn Inge Aarsand

Aarsand kjem med ei sterk oppmoding om å vera ekstra på vakt om du skal ut på vegane i løpet av helga.

– Få den informasjonen du kan på førehand frå Vegtrafikksentralen. Lytt til den informasjonen som kjem frå Statens vegvesen og elles i media. Og så går det an å køyra heim på eit anna tidspunkt enn alle andre. Alle treng ikkje å utsetja returen til sundag ettermiddag. Me ser føre oss at det vil bli svært mykje trafikk då, seier han.

Han oppmodar elles om å køyra etter forholda, og ikkje ta sjansar.

– Det er framleis mykje vatn som skal ned i vegen her og der, så faren for vatnplaning skal dei køyrande også vera merksame på.

Skrekkoppleving på veg til jobb: – Eg er heilt skjelven

Øystein (85) og Gunnlaug (80) kom seg aldri til Bergen: – Me får berre ha oss heim

🏷️ Extracted Entities (6)

Bjørn Inge Aarsand (person) Bergen (entity) Gunnlaug (entity) Statens (entity) Vegtrafikksentralen (entity) Voss (entity)