Dette er ikkje greitt
Plus
Tyssedal fortener ein levande skule.
Det er ikkje greitt Ă„ leggja ned barneskulen i Tyssedal. Ein barneskule er meir enn berre ein bygning â det er ein viktig del av lokalsamfunnet, av oppveksten til barna vĂ„re, og av framtida til Tyssedal.
NÄr slike forslag kjem igjen og igjen, skapar det uro, frustrasjon og ei kjensle av at lokalsamfunnet ikkje blir lytta til.
Foreldre, elevar og innbyggjarar fortener fÞreseielege rammer og respekt for det engasjementet dei viser. Ein kan ikkje byggja eit sterkt lokalsamfunn ved Ä stadig truga med Ä fjerna grunnleggjande tilbod. Leiinga i Ullensvang kommune mÄ ta inn over seg kva dette gjer med tilliten mellom innbyggjarane og kommunen.
NÄr same forslag kjem fleire gonger, er det legitimt Ä stilla spÞrsmÄl ved dÞmmekrafta og retninga i administrasjonen. Kanskje er det pÄ tide med nye perspektiv og ny leiing som faktisk Þnskjer Ä utvikla, ikkje avvikla, lokalsamfunna vÄre.
Tyssedal fortener ein levande skule. Barna fortener tryggleik og nĂŠrleik. Og innbyggjarane fortener Ă„ bli hĂžyrde. No er det nok!