– Vi har ekstra fokus på skredfaren. Men den viktigaste livreddaren er kameraten din
Plus
Det er sendt ut raudt farevarsel for snøskred i Hardanger. Store delar av Vestlandet har no vinterferie, og mannskapa til Hordaland Røde Kors står – som alltid – klare om noko skulle skje.
Hordaland Røde Kors har over 700 godkjende frivillige fordelt på 29 lokalforeiningar. Ressursane inkluderer mellom anna ei eiga skredgruppe, taugruppe, snøskuterar og dronar.
– Hjelpekorpsa står alltid klare, og no har vi ekstra fokus på skredfaren, seier Svein Ove Seim, distriktsrådsleiar for hjelpekorpsa i Hordaland Røde Kors, i ei pressemelding.
Samstundes minner han om at det er viktig å hugsa at også hjelpemannskap brukar tid på å rykka ut.
– Den viktigaste og best eigna livreddaren er kameraten din, legg Seim derfor til.
– Bruk hovudet
Medan mange nyt vinterferien i fjellet, oppmodar Hordaland Røde Kors alle til å følga med på oppdaterte varsel på yr.no og varsom.no.
– Bruk hovudet på tur – og ta med rett utstyr. Ha med ekstra klede og nødvendig tryggingsutstyr for å kunna ta vare på deg sjølv og dei andre ein er på tur med, seier Fredrik Fossedal, leiar for skredgruppa til Hordaland Røde Kors.
På toppturar bør du dessutan alltid ha med sendar/mottakar, søkestong og spade, oppmodar han.
Øving og beredskap i krevjande forhold
I helga som var arrangerte skredgruppa til Hordaland Røde Kors i samarbeid med stiftinga Norsk Luftambulanse og Hordaland alpine redningsgruppe ei fagsamling på Kvamskogen. Her var det også med deltakarar frå Bergen brannvesen og innsatsleiarar frå politiet. Totalt deltok 20–25 frivillige i løpet av to dagar.
Samstundes vert dei årlege vinterkursa gjennomførte på Finse. Her er det deltakarar frå både Røde Kors hjelpekorps, politiet, Hovudredningssentralen og Speidarane sin beredskap.
– Både skredgruppa og kursdeltakarane er klare dersom alarmen går, forsikrar dei.