Sentralbadet og BIFF samarbeider om «Motstandskraft» i kinomørket
Plus
Odda får eit nytt filmatisk tilbod når Sentralbadet litteraturhus, i samarbeid med Bergen internasjonale filmfestival (BIFF), inviterer til ein ny dokumentarfilmserie.
– I år skal vi visa film på Sentralbadet litteraturhus, i samarbeid med Bergen internasjonale filmfestival, fortel Tora Døskeland i ei pressemelding.
Serien «Motstandskraft» vil halda fram med den levande samtalen på scena, men utvidar no samstundes formatet sitt og inviterer til filmframsyning. Først ut er filmen «BLAME» 5. mars.
– Vi har lyst til å undersøkja kva rolle kulturen spelar for den felles beredskapen vår i fred, krise og krig, og ta opp tematikkar som ytringsfridom, medieoffentlegheit, beredskap, tryggingspolitikk og demokrati, seier Døskeland.
– Fengslande thriller
«BLAME» er regissert av Christian Frei, og Døskeland omtalar det som «ein fengslande dokumentarthriller om forskingsfridom, covid og konspirasjonsteoriar».
Filmen blir vist i samarbeid med Selskapet til Vitenskapens Fremme, og utforskar vilkåra til sanninga i den digitale medierøyndommen i det tjueførste hundreåret, fortel Døskeland.
Selskapet til Vitenskapenes Fremme kallar seg Bergens eldste tverrfaglege akademiske forum, stifta i 1927.
Covid er framleis eit kontroversielt tema, tre år etter at pandemien vart erklært over. Mange er kritiske til korleis styresmakter verda over responderte på spreiinga av viruset, og langt ifrå alle festar lit til forklaringa om opphavet til viruset.
Følgjer tre forskarar
«BLAME» følgjer tre forskarar som byrja å arbeida med virus frå flaggermus etter Sars-utbrotet i 2002. I 2013 åtvara dei mot moglegheitene for eit nytt virusutbrot, og det var denne åtvaringa som gjorde at dei seinare vart tildelte hovudrollene i ein politisert konspirasjonsteori om covid.
– I tillegg til å fortelja historia om arbeida og konklusjonane til trioen, er målet å visa korleis den frie forskinga stadig oftare kjem under press i ei polarisert offentlegheit der omstridde tema blir vektstenger for ein politisert debatt, fortel Døskeland.
Før visninga vil Kjetil Vikene, forskar ved UiB og generalsekretær i Selskapet til Vitenskapenes Fremme, halda ei kort innleiing om filmen.
Billettane til framsyninga er gratis, men ønskjer du å sikra deg plass anbefaler arrangørane å reservera på førehand.