Herold

Samrøystes ja til ti nye år i Øklandbygget

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2026-02-26 23:22:00
Samrøystes ja til ti nye år i Øklandbygget

Kinn kommune blir verande i Øklandbygget i Florø i minst ti nye år. Formannskapet vedtok samrøystes å godkjenne den framforhandla leigeavtalen med kjøpsopsjon og tre års oppseiingstid.

Den nye avtalen gjeld frå 1. januar 2026 og erstattar dagens leigeavtalar, som går ut 1. februar 2027.

Avtalen inneber at kommunen utvidar leigearealet med 318 kvadratmeter. Det er naudsynt for å finne plass til dei som i dag har kontor på det gamle rådhuset i Florø. Etter faglege vurderingar av den byggtekniske tilstanden har kommunedirektøren konkludert med at rådhuset ikkje støttar krava til dagens bruk.

Har fått inn oppseiingstid

Formannskapet handsama saka om å forlenge kontrakta i Øklandbygget i januar. Då blei saka send tilbake til administrasjonen med beskjed om å ta kontakt med huseigar på nytt for å forhandle fram ein meir fleksibel avtale.

Politikarane ønskte at ein ny husleigeavtale måtte innehalde ein moglegheit for å trekkje seg frå avtalen. Det har dei no fått.

Avtalen gjeld i ti år, men med tre års oppseiingstid utan ekstra økonomisk kompensasjon. Han inneheld òg opsjon på å leige ytterlegare areal frå 2027, samt opsjon på å kjøpe seksjonar i bygget.

Før kontrakten blir inngått, skal huseigar gjennomføre tekniske oppgraderingar, mellom anna av ventilasjonen.

Rådhusplanane er lagde vekk

Under diskusjonen i formannskapet spurde Edvard Iversen (V) om tiårsavtalen betyr at planane om å bygge nytt rådhus no er lagde vekk for godt. Det stadfesta kommunedirektøren.

– Det prosjektet er vel eigentleg lagt dødt. Det er ein form for økonomisk realisme som ligg bak det. Med dei store investeringane vi har på andre bygg no – Florø barneskole, Skram skole og Albertatunet – er det avgrensa lånekapasitet til å bygge rådhus samtidig, svarte Øyvind Bang-Olsen.

Kommunedirektøren tilrådde formannskapet å seie ja til avtalen slik han ligg føre. Han peika på at ein tiårig avtale gir ein meir fordelaktig pris. Samstundes har kommunen moglegheit til å gå ut av avtalen dersom det skulle dukke opp nye prosjekt i sentrum som det kan vere aktuelt å vere med på.

Han viste òg til at det i dag ikkje finst andre tilgjengelege lokale i sentrum som er store nok til å huse administrasjonen. Det har tidlegare vore slått fast at det er uaktuelt for kommunen å leige kontorlokale utanfor sjølve sentrum.

Evja er difor ikkje aktuelt.

Kommunen skal skrive ny husleigekontrakt for 60 millionar – men Evja blir ikkje vurdert

Dette kostar det

Den nye avtalen omfattar 2084 kvadratmeter kontorareal. Årleg leige frå 1. januar 2026 blir 3,8 millionar kroner, noko som tilsvarer ein snittpris på om lag 1830 kroner per kvadratmeter per år.

Leiga skal indeksregulerast årleg i tråd med konsumprisindeksen.

Dersom kommunen seinare vel å ta i bruk opsjonen på meir areal, kan årleg leige auke til mellom 5,4 og 6 millionar kroner, avhengig av kor mykje av bygget ein vel å leige.

Avtalen inneheld òg ein kjøpsopsjon. Kjøpesummen er sett til 15 gonger årleg leige. For dagens areal tilsvarer det ein verdi på om lag 57 millionar kroner.

🏷️ Extracted Entities (7)

Øklandbygget (entity) Florø (entity) Albertatunet (entity) Edvard Iversen V (person) Evja (entity) Skram (entity) Øyvind Bang-Olsen (organization)