Til minne om Helge Kristiansen
Plus
Helge Kristiansenhar gått ut or tida. Han gjekk i sitt åttifemte år, og var den yngste av den store søskenflokken (seks gutar og to jenter) som vaks opp på den vide, lyngkledde øya Vevlingen i Batalden.
Foreldra var Helga og Alfred K. Kristiansen. Ho var av Russøyfolket på naboøya i nord, medan Alfred kom frå den store Sørøya i Finnmark. Dei gjekk i gang med nybrotsarbeid, og tok opp bruket som talande nok fekk namnet «Rudning».
Helge fortalde ikkje så mykje om jordarbeidet, der var det nok dei eldre brørne som tok tyngste taka saman med foreldra. Han var dessutan plaga med sjukdom i barneåra (polyomelitt) og fekk eit fysisk mein av dette. Derimot var han ei nærsagt utøymeleg kjelde til å fortelje om liv og lagnad i Batalde-øyane, folk og næringsliv.
I Helge sin barndom og oppvekst var der minst to hundre fastbuande. Der stod hus med folk og ungar på nærsagt kvar ein holme i dette fascinerande øyriket.
Om vintrane på 1950-talet høyrdest taktfast motorlyd og roping frå sjøen når basane kommanderte dei store landnotkasta som vart låssette på dei mange vågane. Det var vel eit eventyr både for ung og gamal, og ikkje minst for ei kvikk gut som likte å sjå og oppleve. Helge fortalde mykje om dette.
Yrkesvegen vart sjukepleien, til liks med halvparten av søskenflokken. Helge studerte i Oslo med praksis på Ullevål, og etter ei tid i yrket, søkte han seg til jobb som sjukepleiar på Jan Mayen. Der er isolert nok den dag i dag, men på den tid måtte ei rekne med å klare seg med dei ressursar som var på vulkanske øya med Austgrønland som næraste nabo – bak drivisen.
Midt på 1970-talet tok han jobb på Florø sjukehus, og det vart arbeidsplassen resten av yrkeslivet – med unnatak av nokre år i Førde då Florø sjukehus var lagt ned.
Helge var eit utprega sosialt menneske og dugande i arbeidet sitt. Då Magnhild Hegranes gjekk av for aldersgrensa, fekk han jobben som sjefsjukepleiar, i venleg spøk titulert som «søster Helge»; det var ikkje så vanleg med mannlege sjukepleiarar på den tid. Der kom dei sosiale evne til særleg nytte; han var flink til å få tak i folk, og det hende vel knapt at dei mangla pleiarar på sjukehuset.
Interessene var mangslungne. Ei tid engasjerte han seg i turisme og reiseliv som formann i Florø Reiselivslag. Han meinte at kysten var for lite påakta i den samanhengen.
Han gjekk også i bresjen for Florø Havfiskeklubb som arrangerte både NM og Nordisk meisterskap i Havfiske først på 1980-talet. Det kom folk frå store deler av landet, og alle som hadde ein sjarkliknande farkost til rådvelde, fylte opp med hobbyfiskarar som ville ut og oppleve dette.
«Sjukepleiar med passasjersertifikat»kunne vi lese i Firdaposten for nokre og 30 år sidan. Då hadde han kjøpt ein Taule halvfabrikat på 34 fot som han stort sett innreia sjølv på fritida. Denne fekk han sertifisert for 10 personar, og drog på fiske- og rundturar i skjergarden, fyrsafari og liknande med både norske og utalandske turistar, hovudsakleg i helgane når han hadde fri frå jobben.
Dei første åra lærde eg Helge å kjenne gjennom jobben som journalist i Firdaposten. Han var full av idéar, og lanserte ei rekke (nokre vel fantasifulle) prosjekt til hjelp og framdrift for folket i øyane.
Etter kvart vart vi nærare kjende. Eg sat ofte heime i stova hos kona Kirsten (frå Lærdal) og Helge medan han leita bilde og argument for diverse veg- og brusamband. Han vart også ei god kjelde til «Album»-spalta som eg styrte meir eller mindre som kårkall i avisa til godt over pensjonsalderen.
Størst moro hadde vi ilag på robåttreffa i Batalden ein periode på 10–15 år frå midt på 1990-talet. Dette var noko han hadde tenkt på ei tid, og ei godvêrshelg i august 1996 vart det første arrangert på Russøyvågen. Robåttreffa samla mykje folk og 10–12 færingar og større til kapproing og -segling i dei mange sund og vikar som øyane i Batalden er så rike på.
I Helgesine gutedagar hadde alle robåtar, opptil fleire på kvart hus, og dei vart brukte flitting. Alt frå heimefiske til butikk- og andre ærend mellom øyane, eller berre til moro, mest av ungane og om søndagane.
Kunne det vere ein idé og gjenskape nokre av minna frå den tid?
Det var det! Ut av naust og buer vart dregne gamle færingar; klinkhamrane gjekk og tjærelukta breidde seg. Slitne segl og master vart hekta ned av betane, lappa og vølte, og gutane frå 50-talet synte at dei gamle kunstane sat som sydd inn i nevane. Etter nokre år på Russøyvågen, vart det samarbeid med ungdomslaget «Friskus» og arrangementet vart flytta til Fanøya der det stilna av med tidsånda, kan ein vel seie.
Den tidafår vi nok ikkje tilbake, og no er heller ikkje Helge Kristiansen blant oss lenger. Dei kallar det livets gang, men vemodig er det likevel. Minner er ein underleg ting: Helge var full av liv, påfunn og optimisme. Då blir også minna så levande.
SJÅ BILDA: Fylkessjukehuset i Florø
Denne søskenflokken har ein snittalder på 87 år