Herold

FHI: Fann ikkje samanheng mellom skjermtid og psykiske plager hos unge

Plus
Kilde: Firdaposten Author: NTB Published: 2026-02-27 12:58:00
FHI: Fann ikkje samanheng mellom skjermtid og psykiske plager hos unge

Auka tidsbruk i sosiale medium eller dataspel kan ikkje knytast til auka psykiske plager over tid hos ungdom, viser ein studie frÄ FHI.

Ein ny studie frĂ„ Folkehelseinstituttet (FHI) og University of Manchester har fĂžlgt 25.629 engelske ungdommar i alderen 12 til 14 Ă„r gjennom tre Ă„r (2021–2023). Forskarane finn ingen haldepunkt for at auka tidsbruk i sosiale medium eller gaming heng saman med seinare symptom pĂ„ angst eller depresjon hos ungdom.

– Til dĂžmes fann vi ingen samanhengar mellom tid brukt i sosiale medium ved eitt tidspunkt og auka psykiske plager Ă„ret etter, verken hos gutar eller jenter, seier forskar Turi Reiten FinserĂ„s.

Utvalet i undersÞkinga var i tidleg ungdomsalder, ein fase som ofte har vorte trekt fram som ekstra sÄrbar for psykiske plager.

Kva og korleis tel meir

I den offentlege debatten blir digital teknologi ofte peika ut som ei hovudÄrsak til at fleire unge slit psykisk, meiner FHI. Samtidig har forskinga vore sprikjande.

Forsking pÄ norske ungdommars liv og vanar har tidlegare vist at kva ein gjer pÄ skjermen og korleis ein opplever det, kan vere meir relevant for psykisk helse enn tidsbruk.

No har dei sett konkret pÄ kor mykje tid ungdom brukte i sosiale medium og utvikling.

Verken auka skjermtid eller auka gamingfrekvens er knytt til auka psykiske plager over tid i undersĂžkinga.

– Funna vĂ„re tyder pĂ„ at digital Ă„tferd ikkje er ei drivkraft bak psykiske vanskar, men heller speglar individuelle forskjellar og behov i ungdomstida, seier FinserĂ„s.

Arrangerer «Hekta»

Torsdag markerer Medietilsynets Safer Internet Day 2026 med arrangementet «Hekta». Dette er ei internasjonal satsing som rettar sÞkjelyset mot tryggare digitale liv for barn og unge.

Barne- og familieminister Lene VÄgslid (Ap) opnar arrangementet som tek for seg korleis manipulerande design i sosiale medium og plattformene er utvikla for Ä halde barn og unge i appane.

Medietilsynet vil samtidig publisere nye funn, rapporten «Fanget i feeden», om unges bruk av skjerm og sosiale medium, i tillegg til at temaet blir belyst frÄ politisk hald, fagpersonar, tidlegare tilsette i bransjen og ungdommane sjÞlv.

(©NPK)

Barn og smarttelefon: – Åttande klasse er i seinaste laget

Vil utsette smarttelefon til ungdomsskulen

Nye skjermrÄd: Barn under 12 Är bÞr unngÄ internett utan tilsyn

đŸ·ïž Extracted Entities (7)

Folkehelseinstituttet FHI (organization) Hekta (entity) Turi Reiten FinserÄs (person) Folkehelseinstituttet (FHI) (organization) Lene VÄgslid Ap (person) Medietilsynets Safer Internet Day (person) University of Manchester (organization)