1085 bremangarar krev folkerøysting om vindkraft
Plus
Ei gruppe engasjerte innbyggjarar i Bremanger har samla inn over 1000 underskrifter for å krevje folkerøysting om vindkraftutbygging. Initiativtakarane meiner kommunestyret har gått imot valløfte og øydelegg tilliten mellom folk og folkevalde.
Etter fleire månaders dør til dør-aksjon, har ei gruppe på rundt 15 frivillige, der dei fleste er knytte til gruppa «Myklebustfjellets venner», samla inn 1085 gyldige underskrifter for eit innbyggjarinitiativ om vindkraft.
Torsdag blei dei overrekt til kommuneleiinga.
Initiativet krev at kommunestyret held rådgjevande folkeavrøysting med spørsmålet: «Kan det opnast for meir vindkraftutbygging i Bremanger kommune?»
Sterkt engasjement i befolkninga
Talet på underskrifter utgjer heile 58,6 prosent av dei som stemde ved sist kommuneval i Bremanger, noko som viser eit sterkt engasjement i saka.
– Vi har blitt godt mottekne av folk i kommunen og takkar dei for støtta og mange hyggelege samtalar, skriv initiativtakarane i dokumentet som er sendt kommunestyret.
Dei samla inn totalt 1098 underskrifter, men etter å ha fjerna åtte duplikatar og fem som hadde hytteadresse, enda dei opp med 1085 gyldige underskrifter frå folkeregistrerte innbyggjarar over 16 år.
Meiner kommunestyret bryt valløfte
Bakgrunnen for initiativet er at kommunestyret nyleg har vedteke oppstart av nye vindkraftplanar på Myklebustfjellet og Ramskredsfjellet, og varsla endring av kommunen sin arealstrategi.
Initiativtakarane meiner dette har skjedd i strid med valløfte frå fleire parti før kommunevalet i 2023.
– Eit solid fleirtal av befolkninga stemde på parti som lovde å seie nei til nye vindkraftplanar, skriv dei.
I 2021 vart kommunen sin arealstrategi samrøystes vedteken med følgjande formulering: «Arealdelen skal ikkje opne for nye område eller utviding av eksisterande område for vindkraft.»
Vil styrke tilliten
Initiativtakarane meiner at omgjeringa av vindkraftpolitikken midt i kommunestyreperioden har gjort at innbyggjarane har mista si demokratiske stemme.
– Tilliten mellom folk og folkevald har blitt satt på spel. Ei folkerøysting vil sikre at folk kjenner seg høyrt, og styrke tilliten mellom befolkninga, lokalpolitikarane og kommuneleiinga, argumenterer dei.
Dei peikar også på at vindturbinar på 250 meter høgde vil krevje store og permanente terrenginngrep, og vil vere synlege over store avstandar.
– Etablering av så dominerande strukturar angår alle i kommunen, og det er difor rett at folk si meining skal bli kjent og høyrt, skriv dei.
Lovpålagt behandling
Etter kommunelova § 12-1 er kommunestyret lovpålagt å behandle innbyggjarinitiativ som har nok underskrifter. Det er så opp til kommunestyret å vedta om det skal haldast folkerøysting.
Ei eventuell folkerøysting vil vere rådgjevande og ikkje rettsleg bindande.
I rettleiaren frå regjeringa om folkerøystingar er vindkraft særskild nemnt som eit av dei mest vanlege temaene for kommunar å ha folkerøysting om.
Folkerøystinga skal omfatte både dei kjende vindkraftplanane på Myklebustfjellet, Snøfjellet og Ramskredsfjellet, og eventuelle andre framtidige vindkraftprosjekt i kommunen.