Herold

Fleire stengde vegar

Plus
Kilde: Firda Author: Julian Fløde Published: 2026-02-27 06:46:01
Fleire stengde vegar

Det er framleis fleire stengde vegar i Sogn og Fjordane, men det er ingen grunn til å fortvile. Ifølge trafikkoperatøren vil vegane snart opne éin etter éin.

Onsdag og torsdag denne veka førte store nedbørsmengder til at fleire vegar vart stengde på grunn av skred eller skredfare.

Også fredag er fleire vegar i Sogn og Fjordane stengde.

Ifølge trafikkoperatør Jørgen Bødtker ved Vegtrafikksentralen Vest, vil vegane etter kvart opnast igjen.

– Vegane vil opne éin etter éin etter kvart som det blir vurdert som trygt, seier Bødtker.

Desse vegane er stengde

Fylkesveg 57 mellom Osen bru og Bygstad er stengd på grunn av isfall.

– Der reknar vi med at oppryddinga er ferdig i løpet av formiddagen, seier Bødtker.

Fylkesveg 55 i Esebotn i Balestrand er stengd etter snøskred. Det vil bli gjort ei ny vurdering i løpet av dagen.

Fylkesveg 5606 ut til Menes i Balestrand er også stengd.

– Utover dette er det ingen vegar som er stengde på grunn av ras no, seier han.

Klokka 07.43 melder brøytemannskap til Vegtrafikksentralen vest at Fv. 50 Hol-Aurland har glatte parti over fjellet.

E39 ved Romarheimsdalen har vore preventivt stengd frå torsdag kveld til fredag morgon grunna fare for nye skred. Vegen opna igjen frå klokka 06.00 fredag.

Klokka 06.50 fekk Vegtrafikksentralen Vest inn melding om ein stein som låg på Fv616 langs Hopsvatnet i Hyen i Gloppen kommune.

Entreprenør reiste ut med det same, og steinen vart fjerna allereie klokka 07.00, forklarar trafikkoperatør Tor Evensen.

Smartembed for https://www.firda.no/api/graff/v1/component/trafikk-webkamera?

– Det verste er truleg over

– Onsdag og torsdag har mange vegar vore stengde på grunn av vêr, ras og rasfare. Er det verste over no?

– Det er vanskeleg å seie sikkert, men når vi kan opne fleire vegar, tyder det på at situasjonen er i ferd med å stabilisere seg, seier Bødtker.

Han legg til at vêret gradvis blir betre, men åtvarar om at nye stengingar likevel kan oppstå.

– Når det blir mykje vatn som seinare frys, kan stein losne. Slik er kvardagen denne tida av året, seier han.

Saker frå i går:

Fleire farevarsel

E39 opna igjen etter 11 timar med stenging

🏷️ Extracted Entities (17)

Jørgen Bødtker (person) Vegtrafikksentralen Vest (organization) Balestrand (place) Fjordane (entity) Sogn (entity) Bygstad (place) Esebotn (entity) Fv (entity) Fv616 (entity) Gloppen (entity) Hol-Aurland (place) Hopsvatnet (entity) Hyen (entity) Menes (place) Osen (entity) Romarheimsdalen (entity) Tor Evensen (person)