– I år blir det faktisk siste
Plus
Det starta som eit påfunn. No har dei samla hundrevis til festival kvar sommar i fleire år.
– Vi har sagt fleire gonger at det blir siste gong. Men i år blir det faktisk siste.
Det seier Anette Hesjedal, som saman med Heidi Pedersen Skåtøy, arrangerer Flytfestivalen på Rossland.
Sommaren 2022 slo venninnene hovuda saman, og stelte i stand festival på den store grøne plenen ved huset til Hesjedal.
Sidan den gong har festivalen vakse til eit omfattande arrangement og blitt eit samlingspunkt for bygda og for tilreisande.
Men alt har ein ende, også Flytfestivalen.
– Det er vemodig, men vi gleder oss veldig til å kunne ha det i år.
Spesiell stemning
Det ligg mange dugnadstimar bak arrangementet, samstundes som det å halde festival på ingen måte er utan risiko.
Den profesjonelle lyd- og lyspakken og underhaldninga kostar pengar, noko som må dekkast inn gjennom billettsal.
– Mange sit på gjerdet og ser kanskje an vêr og vind før dei kjøpar billett. Så vi håper folk kjøper på førehand, det gjer mykje for oss. Men det har gått bra kvart og det reknar vi med det gjer i år også.
Hesjedal fortel om den spesielle stemninga og fellesskapet som vert skapt av deltakarane på festivalen.
Det er nettopp dette ho gleder seg til og det ho kjem til å sakne når festivalen er over.
– Det er heile greia, kjensla ein har igjennom helga.
I fjor var det over 300 på festivalen på laurdagen. Medan på fredagen møtte heile 400 menneske opp til Miniflyt, som er for barn og familiar.
– Då kjem også mange foreldra som skal dit neste dag.
I år blir Flytfestivalen halde 9. mai og Miniflyt 8. mai.