Motiverer elevane med ein «tidsreise»: – Det er utruleg lærerikt og gøy
Gløym sveitte klasserom og tunge bøker. Ved denne skolen blir bordet dekt for ein praktisk revolusjon, som får applaus frå kunnskapsministeren.
Saka samanfatta:
- Sandefjord vidaregåande skole gjenskapte den siste Titanic-middagen frå 1912 som ein del av eit tverrfagleg skuleprosjekt.
- Over 200 elevar frå ulike studieretningar deltok, inkludert restaurant- og matfag, frisør, musikk, dans og drama, og marknadsføring.
- Prosjektet gav elevane ei praktisk og engasjerande læringsoppleving, som bidrog til auka motivasjon og yrkesstoltheit.
- Ungdata-undersøkinga 2025 viser at 80 % av elevar på vidaregåande opplever skulen som kjedeleg, og prosjekt som dette kan bidra til å motverke denne trenden.
- Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun rosar initiativet og framhevar viktigheita av praktisk undervisning for betre læring og trivsel.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.
Det er som om tida er skrudd tilbake i borggarden på Sandefjord vidaregåande skole ein fredag i januar 2026. Til 1912.
Scena er restauranten for 1. klasse-passasjerane på det staselege skipet RMS Titanic.
Tidspunktet er middag. Den aller siste servert om bord på skipet.
200 elevar har jobba lenge og hardt for å skape ein uforgløymeleg aftan for dei litt over 100 gjestene.
Dei har komme for å få sitt neste måltid, utan drama og is, men med ein smak av gammal stil og luksus.
Fleire linjer ved skolen er involverte. Restaurant og matfag, frisør, blomstrar, musikk, dans og drama, og marknadsføring.
Lillian Marie Akerholt-Verpe er servitør-elev ved skolen. Ho er strålande fornøgd med den praktiske erfaringa ho tar med seg frå prosjektet.
– Her lærer vi korleis det faktisk er i eit selskap, seier ho.
Akerholt-Verpe fortel om verdifull praktisk læring, som kundeservice, skjenking, servering og ikkje minst korleis dei skal takle stress.
– Det er utruleg lærerikt og gøy å vere med på, seier servitør-eleven som meir enn gjerne ofrar ei helg for praktisk undervisning.
Motivasjonen søkk
Motivasjonen for skolearbeid søkk drastisk gjennom skoleløpet, viser Ungdata-undersøkinga for 2025.
År etter år er trivselen høg, men skolestresset aukar og motivasjonen daler.
Mange elevar synest skolen er kjedeleg og lite relevant for livet dei skal leve.
80 prosent av dei spurde i undersøkinga svarer at dei kjedar seg på skolen.
Det prøver Sandefjord vidaregåande å gjere noko med.
Unge kjeder seg på skolen, viser undersøking
Nasjonale resultat frå Ungdata-undersøkinga (2023–2025) viser ein tydeleg trend der stadig fleire elevar har eit negativt forhold til skolekvardagen:
- Omfattande keisemd: Sju av ti norske ungdommar oppgir at dei kjedar seg på skolen. I vidaregåande opplæring er tala spesielt høge; her svarer 80 prosent av gutane og 75 prosent av jentene at dei kjedar seg.
- Negativ utvikling: Sidan midten av 2010-talet har andelen som kjedar seg på skolen auka med 15 prosentpoeng.
- Blanda kjensler om trivsel: Trass i keisemd, svarer 85 prosent at dei trivst sosialt på skolen. Rapporten peikar på at ein kan trivast med lærarar og venner, samtidig som sjølve undervisninga blir opplevd som lite engasjerande.
- Passar ikkje inn: Fleire enn tidlegare oppgir no at dei gruer seg til å gå på skolen, og færre føler at dei «passar inn» i det tradisjonelle skolesystemet.
Kjelde: Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved Oslo Met / Ungdata 2025
– Vi starta med dette for å gi elevane noko anna enn vanleg klasseromsundervisning, seier prosjektleiar Hilde Hagen.
Ho seier det er mykje fråfall i yrkesfaga, når elevane blir lærlingar, nettopp fordi dei ikkje var klare over kva arbeidslivet krev.
– Prosjekt som dette gjer at elevane er tryggare på oppgåvene dei skal gjere når dei går ut i jobb. Det er god læring i trygge rammer, seier Hagen.
Får vist kva dei kan
Når halvparten av elevane rapporterer om høgt skolestress, kan prosjekt som Titanic-middagen i Sandefjord verke som ein nødvendig ventil.
Ved å flytte læringa frå bøker til praksis, får elevane kanskje behalde motivasjonen dei treng for å fullføre, og på sikt nå måla sine.
For eksempel; frisørelevane har styla medelevar i tidsriktige frisyrar og restaurant- og matfag har planlagt ein sjurettars middag.
Menyen er basert på den originale menyen frå Titanic, ein meny som krev kunnskap om fleire varierte teknikkar.
Titanic-menyen slik han vart servert i Sandefjord
Østers Consommé Olga Serveresmed Julienne grønsaker
Posjert laks Serveres med mousseline saus, agurksalat
Helstekt lam ytrefilet Serveres med smørdampa erter, gulrotpuré, raudvinssaus, omnsbakte poteter og myntegelé
Punsj Romaine Titanic signatur coctail
Grønn asparges Vinaigrette
Titanic Waldorf pudding
Skolen har fleire slike prosjekt, blant anna fekk dei overta Nevlunghavn gjestgivargard ei veke i fjor haust og hadde fleire arrangement der.
Imponert kunnskapsminister
Hausten 2024 kom stortingsmeldinga om ein meir praktisk skole.
Regjeringa vil ha meir praktisk undervisning. Elevane skal bli meir motiverte.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun liker det ho høyrer frå Sandefjord.
Fagfolk ved Oslo Met er også einige. Dei kallar Titanic-prosjektet eit kroneksempel som bygger yrkesstoltheit og godt samarbeid
– Så dette er verkeleg sånn som vi ønsker det ute i Skule-Noreg, seier Kari Nessa Nordtun.
Praksis som hjernetrim
Nessa Nordtun framhevar satsinga på praktisk utstyr og rosar lærarar som kombinerer varierte arbeidsmetodar med læringsmålet i skolen.
Ho er opptatt av at barn og unge skal ha ein meir aktiv og praktisk skolekvardag, med mindre stillesitting og meir bruk av uteområde.
Ho meiner dette er måten framtida driv skole på.
Og skulle det komme ein invitasjon til neste Titanic-oppleving i Sandefjord, er gjerne Nessa Nordtun med.
– Det hadde eg gledd meg mykje til, seier ho og legg til at ho håpar mange skolar lèt seg inspirere av Sandefjord vidaregåande skole.