Herold

Brannvesenet rykte ut til Seim

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-02-27 07:57:53
Brannvesenet rykte ut til Seim

Brannen er no sløkt.

Nordhordland brann og redning rykte ut til ei adresse på Risåsen på Seim etter melding om mykje røyk frå ein skorstein i morgontimane fredag.

Det melder 110-sentralen klokka 08:49.

I ei oppdatering opplyser brannvesenet om at det ikkje skal vere registrert utvendig varme på skorsteinen, ei heller røyk innvending i huset.

Det ryk i mellomtida godt frå skorsteinen. Brannvesenet avventar situasjonen og passar på at temperaturen ikkje stig.

Ingen røyk

NH-reporteren på staden kan melde om røyklukt i området, men klokka 09:13 kom det ikkje noko røyk frå den aktuelle bustaden. Det var heller ikkje noko teikn til brann, ifølge reporter.

Brannvesenet har sendt ut to bilar til oppdraget på Risåsen.

Klokka 09:43 kunne NH-reporter melde at det igjen kjem ein del røyk ut av skorsteinen.

– Brannvesenet observerer på staden.

Omtrent samstundes oppdatert også 110-sentralen med informasjon om at det har vore høg temperatur i toppen av skorsteinen.

Forrykande svilukt

Mannen som bur i huset opplevde situasjonen som svært dramatisk.

Han fortel til NH-reportaren at han såg mykje skodda utanfor vindauget, og fekk det ikkje til å stemma. Mannen byrja deretter å lukte ei kraftig svilukt.

Bebuaren fekk fleire telefonar frå naboar som såg at det rauk kraftig ut av pipa.

Mannen fortel at det er den første pipebrannen han har opplevd, og håpar det også er den siste.

Utrykkingsleiar i Nordhordland Brann-og redning, Alexander Kjesæth, fortel at brannvesenet har rykka ut til fleire slike tilfelle i vinter, då det har vore ein kald vinter med mykje vedfyring.

Brannvesenet observerte huset og pipa utover morgontimane. Klokka 10:15 var det ikkje lenger røyk frå pipa.

🏷️ Extracted Entities (5)

Seim (entity) Risåsen (entity) Alexander Kjesæth (person) Brann (entity) Nordhordland (place)