Årets første: – Hunden hoppa over ormen
Plus
Tone Lygre Storheim var ute på sin daglege luftetur med hunden Kamala, då ho oppdaga noko som fekk henne til å skvette.
I mosen langs vegkanten låg ein fullvaksen hoggorm.
Ho vart raskt uroa for Kamala, som svinsa bekymringslaust omkring, og fekk dratt henne vekk.
– Hunden hoppa faktisk rett over hoggormen.
Storheim bur i nærleiken av Tjorehagen og Austmarka, og går mykje tur i området, men har aldri sett hoggorm så tidleg.
– Dei brukar å dukke opp rundt påsketider, men ikkje no!
Ho trur at det må vere ein orm som har tatt våren på forskot.
– Det rigna til og med når han låg der.
Lokka fram av varmen
Zoolog, Dag Dolmen, støttar teorien til Storheim.
Det har vore ein lang kuldeperiode i vinter, etterfølgt av mildvêr dei siste dagane. Noko som kan forvirre ormen.
– Når temperaturen utanfor hiet blir høgare enn inne, kan enkelte hoggormar våge seg ut. Då trur dei at våren er komen, seier Dolmen.
Han fortel at dei likevel ikkje beveger seg langt frå overvintringsplassen.
– Det ville i så fall vore dumt, for det hender at temperaturen kryp under null på nattetid.
I fjor dukka hoggormen opp endå tidlegare:
Raine og Rosalita møtte årets første hoggorm – reptilekspert er begeistra