Herold

Dømd til forvaring for menneskehandel og prostitusjon

Kilde: NRK Author: Sigrid Agnethe Hansen Published: 2026-02-26 13:55:55 Last updated: 2026-02-26 15:20:27
Dømd til forvaring for menneskehandel og prostitusjon

Aktor bad om forvaring i saka, forsvarar bad om frifinning. No er dommen her.

Ein person i 30-åra frå Østfold er no i Nord-Troms og Senja tingrett dømd til forvaring, med ei tidsramme på fem år, og minstetid på tre år og fire månader.

Aktor la ned påstand om forvaring då saka gikk for retten.

Det er ein særreaksjon som kan nyttast for å verna samfunnet når ei vanleg tidsbestemt straff ikkje vert rekna som tilstrekkeleg. I dag er det 164 personar som sonar ein forvaringsdom i Noreg.

– Tingretten har gjort ei grundig vurdering med tanke på det omfattande bevisbilete. Med omsyn til samfunnet, har retten konkludert at forvaring er riktig.

Det seier aktor, Kirsti Jullum Jensen, om dommen. Ho er tilfreds med at retten vart einige med påtalemakta.

– Det er framleis ein moglegheit for den domfelte å anke, og vedkommande har jo ikkje erkjent straffskuld.

Einstemmig

Dei sakkunnige i saka peikte også på at det var ein stor risiko knytt til personen. Retten meinte forvaring var rett i dette tilfellet.

Dommen var einstemmig. Der står det:

– Tiltalte synest å ha ein svært låg terskel, om nokon i det heile, for å utnytte sårbare menneske etter eige godtykke. Det er etter meininga til retten av stor vekt at tiltalte har ein slik låg terskel for å gjere seg skuldig i seksuallovbrot eller andre integritetskrenkande lovbrot overfor sårbare.

Vidare i dommen står det:

– Forholda er også gjort relativt kort tid etter at tiltalte vart dømd for å ha utnytta sårbare kvinner økonomisk. Tidlegare fengselsstraff har såleis ikkje hatt noka innverknad på viljen til tiltalte til å halde fram med utnyttinga av sårbare.

Den domfelte er ein person frå Østfold i 30-åra. Handlingane har vore gjort som mann, men vedkommande skifta i forkant av rettssaka juridisk kjønn til kvinne.

Fleire dommar

Personen har fleire dommar bak seg, mellom anna for vald i nære relasjonar, og økonomisk svindel.

Den domfelte erkjente straffskyld for å ha krenka privatlivets fred ved to anledningar, men nekta straffskyld for dei andre forholda personen var tiltalt for.

Personen i 30-åra dømes også til eit forbod mot å oppsøke, forfølgje eller på noko vis kontakte ei rekke personar, og må i tillegg betale i overkant av ein million kroner i erstatning til dei fornærma i saka.

Bjørn Winquist er forsvarar for den dømde personen.

– Eg vil gjennomgå dommen med min klient.

Det seier personens forsvarar, Bjørn Winquist til NRK.

Han vil ikkje kommentere ytterlegare per no.

🏷️ Extracted Entities (9)

Politi og kriminalitet 📁 (category) Troms 📁 (category) Troms og Finnmark 📁 (category) Bjørn Winquist (person) Østfold (entity) Kirsti Jullum Jensen (person) Nord-Trom (entity) Noreg (entity) Senja (entity)

📊 Metadata

Category: Politi og kriminalitet, Troms og Finnmark, Troms
OpenGraph Title: Dom i menneskehandel-saka: Forvaring
Twitter Title: Dom i menneskehandel-saka: Forvaring