Herold

50 år etter ulykka: Oddmund hugsar framleis leitinga etter omkomne

Plus
Kilde: NH Author: Ole Jacob Riise Strønen Published: 2026-02-27 14:56:41
50 år etter ulykka: Oddmund hugsar framleis leitinga etter omkomne

Baksida av den norske oljemedaljen kom fram i lyset då seks mann omkom i ei av første store offshore-ulykkene i Norge.

«Eit tragisk og dramatisk havari fann stad ved Fedje natt til måndag».

Slik innleia Avisa Nordhordland og reporter Hans Egil Storheim dekninga av Deep Sea Driller-ulykka 1. mars 1976.

I ein kraftfull storm, rundt klokka 04:00 natt til måndag 1. mars 1976, trefte den to år gamle boreplattforma Deep Sea Driller Leieskjæret vest for Fedje.

Straumen gjekk, mørket fall og 50 oljearbeidarar stod fanga på det havarerte og krengande dekket i vindkast langt over orkan-styrke. På Hellisøy fyr målte dei 87 knop i kasta.

Med kraftig slagside måtte mannskapet evakuere i berre ein livbåt, då den andre stod i fare for å kollidere rett i skjæret om den blei låra.

Med sju mann på taket og resten inni, kvelva båten to gongar i brenningane. Seks av dei blei skylt over bord og omkom. To av dei blei aldri funne igjen.

Då det nærma seg daggry hadde fem Sea King-helikopter kome seg til ulykkesstaden frå Sola og Flesland. Redningsaksjonen blei eit kappløp mot klokka og naturkreftene.

Heldigvis blei båten liggande i det dei involverte skildra som ein «hvirvelstraum» eller ei «heksegryte» mellom skjæra, slik at båten ikkje krasja i land.

Då vinsjane svikta i vinden, blei folk heisa etter berre wiren og sleppte ned på land. Kvar «tur» mellom livbåten og land, var det 3-4 personar som hang på wiren dei 200-300 meterane.

Dei overlevande blei godt tekne imot av bygdefolket på Fedje som stod klare med ullteppe, ly og varme før ferda gjekk vidare til sjukehuset for heile mannskapet.

Seks nordmenn mista livet i det som står att som ei av dei mest dramatiske ulykkene i norsk oljehistorie.

Eit uvanleg uvêr

Uvêret i byrjinga av mars 1976 var heilt utanom det vanlege.

I ein artikkel i Bergens Tidende frå 1988 intervjua avisa dåverande ferjeskippar på Fedje-sambandet Reidar Bøe: Ein driven, erfaren og tøff skippar på øya.

Der fortalde han at stort sett ingenting kan stoppe ferja frå å gå:

– Ute på fjorden er det ikkje nokon storm, orkan, vind eller vêr som skal hindra oss i å gå. Problemet oppstår når det er så ille vêr at vi ikkje får lagt til kai, sa han til BT.

Han kunne då også opplyse om at den einaste gongen ferja måtte melde pass under hans vakt, var då oljeriggen «Deep Sea Driller» havarerte i 1976.

Såpass ille var vêret det døgnet.

Sat saman i fjæra

Oddmund Husa hugsar godt Deep Sea Driller-ulykka. Han var fastbuande på øya. Han skulle eigentleg på jobb morgonen etter havariet, men då han gjekk ut døra lukta det frykteleg diesel.

Han trudde det var tanken på traktoren som lak og at dagen ville gå til å fikse den. Men traktoren var i orden og lukta kom frå havet.

– Den dagen gjekk til å leite etter folk i sjøen.

– Eg hugsar eg drog til Kvalvika, vest på Fedje og ikkje så langt unna der plattforma låg. Der låg ein omkomen mann inne i fjæra. Ruth Nilsen var der allereie. Ho sat på steinane med han i fanget. Det var ein veldig ung fyr: Ikkje meir enn 22 år gamal.

Husa fortel at han og Nilsen snakka saman der dei sat i fjæra.

– Vi lurte fælt på kva vi skulle gjere. Korleis skulle vi få han derifrå til kommunehuset? Då, plutseleg, fekk vi auga på Bergens Tidende-helikopteret. Vi fekk det ned til oss.

Hell skulle ha det til at dei begge to kjende fotografen som sat inni helikopteret. Han var også frå Fedje.

– Vi trong ikkje presentere oss. Eg bad han om å spørje piloten om han kunne frakte ein av dei omkomne inn til Gades institutt i Bergen. Det sa han ja til.

Husa og Nilsen fekk den unge mannen inn i helikopteret, som sette kursen for Bergen.

– Det går nært innpå ein

Husa fortel at folk på Fedje var tidleg på for å hjelpe med å sjå etter omkomne og å sjå til dei overlevande.

Etter at han og Nilsen fekk i land den eine omkomne, heldt han fram med å leite. Det blåste framleis kraftig i morgontimane.

Han gjekk langs kysten med auga mot bølgene.

– Då såg vi etter kvart to personar som flaut utpå sjøen. Me var jo hjelpeslause, altså. Vi kunne ikkje gjere noko. Vi måtte berre sjå til dei då dei dreiv. Der stod vi lenge og vel. Vi hadde ikkje båtar ute eller noko slikt at vi kunne plukke dei opp.

Til den dag i dag er det to av dei omkomne dei ikkje fann, minnast Husa.

– Dette var jo noko som ein fekk nært innpå seg, veit du. Ein omkome vi drog i land og to som dreiv på sjøen utan at vi kunne gjere noko... Når eg tenkjer tilbake så trur eg ikkje eg sov den natta.

Held minnet i live

Tekstforfattaren og skodespelaren Claus Sellevoll er ein som har halde liv i minnet om Deep Sea Driller-ulykka gjennom showet hans «Heim til meg».

Dei personlege historiene gjorde sterkt inntrykk på han.

– Det var ein ung mann som døydde i ulykka, berre 22 år gammal. Han etterlet seg ei enke på 21 år, og to born på tre og to år, fortel Sellevoll.

Dette var ein del av historia han ønskte å fortelje på scena: Ei hjarteskjerande tragedie om menneskelege skjebnar og dei etterlevande.

Premiere 19. september: Claus Sellevoll åleine på scena med «Heim til meg»

Men det var endå ein grunn til at han ville formidle denne historia.

– Først 26 år etter ulykka fann Odfjell ut at dei skulle halde minnegudsteneste på Fedje. Det var i 2002. Då fekk mormora mi to unge menneske på døra som ønskte å snakke med Arthur Husa, min morfar. Han var ein av dei siste som hadde sett faren før han blei lagt i kista.

– Dette viste seg å vere sonen og dottera til denne unge mannen. Det var også difor eg blei tett knytta til denne historia.

I showet fortel Sellevoll også historia om ei jente på 10 år som mista far sin i ulykka.

Han var ein av dei to mennene som havet tok.

– Då ho året etter reiste med Englandsbåten stod ho på dekket og speida mot Fedje i håp om at faren kanskje har kome seg i land på ein holme ute i Fedjeosen.

Ei gløymd ulykke

Claus Sellevoll har familie på Fedje, og er i slekt med Oddmund Husa. Morfaren hans, Arthur Husa, var også blant dei som fann omkomne etter Deep Sea Driller-ulykka.

Men han har snakka med langt fleire, både fedjingar og pårørande, for å kunne attgje den nøyaktige og hjarteskjerande historia om ulykka.

Han opplever at han held liv i minnet om det som i stor grad er «ei gløymt ulykke».

– Berre nokre få år seinare inntrefte Kielland-ulykka som var langt meir omfattande. Det er den tragedien folk flest tenkjer på når dei mimrar om ulykker i oljenæringa.

Yngre generasjonar som gjerne ikkje har høyrt om ulykka, blir også kjende med ho gjennom førestillinga til Sellevoll.

– I møtet og kontakten med publikum under framsyninga hende det at eg blei sett ut eit par gongar og at eg måtte ta meg saman, og spele av meg private kjensler. Eg har fått mange tilbakemeldingar på at forteljinga gjorde både ilt og godt.

Markering

Nøyaktig 50 år etter ulykka, søndag 1. mars, inviterer reiarlaget som drifta plattformen, Odfjell Drilling, til ei minnemarkering på øya.

Frå det NH har fått opplyst frå fleire kjelder, er dette ei lukka minnestund for dei etterlevande.

Den statlege granskinga av ulykka har i ettertid blitt offentleg kritisert. Det har også Odfjell Drillings framferd i saka blitt av dei etterlatne.

Den kjem til å haldast ved minnesmerke for dei som omkom, utanfor Fedje sjøtrafikksentral.

🏷️ Extracted Entities (24)

Claus Sellevoll (person) Deep Sea Driller Leieskjæret (person) Fedje (entity) Driller (entity) Ruth Nilsen (person) Bergen (entity) Oddmund Husa (person) Odfjell Drilling (person) Arthur Husa (person) Bergens Tidende (person) BT (entity) Englandsbåten (entity) Fedje-sambandet Reidar Bøe (organization) Fedjeosen (entity) Flesland (place) Gades (entity) Hans Egil Storheim (person) Hellisøy (place) Kielland (place) King (entity) Kvalvika (entity) Norge (entity) Sea (entity) Sola (entity)