Mann i 40-åra frå Sunnmøre er tidlegare dømt for seksuallovbrot – no er han tiltalt igjen
Ein tidlegare straffedømt mann frå Sunnmøre er tiltalt for nye seksuallovbrot mot barn. No risikerer mannen å bli dømt til forvaring.
Mannen frå Sunnmøre er straffedømt fleire gonger tidlegare i liknande saker, seinast hausten 2024.
No er han igjen tiltalt for ei rekke alvorlege lovbrot mot fleire fornærma.
Eit av dei mest alvorlege tiltalepunkta gjeld grov valdtekt av eit barn under 14 år.
Ifølge tiltalen blir valdtekta sett på som grov på grunn av den fornærma sin alder og at det skal ha skjedd fleire gonger.
Mannen sin forvarar, Sjur Engelsen Lange, seier dei ikkje har ein kommentar til tiltalen.
Sjur Engelsen Lange er advokat for mannen. Han ønskjer ikkje å kommentere tiltalen.
Kan bli dømt til forvaring
Det er Vest statsadvokatembete som har tatt ut tiltalen.
Statsadvokat, Inger Myklebust, legg ned atterhald om at dei kan kome med påstand om at mannen bør bli dømt til forvaring.
– Slik det går fram av tiltalen meiner vi at tiltalte har gjort seg skuldig i både alvorlege og gjentekne seksuelle overgrep mot barn, seier ho.
Myklebust viser til at strafferamma for det alvorlegaste forholdet er 21 år fengsel, jf. straffelova § 301.
– Tiltalen i saka omfattar i seg sjølv svært alvorlege forhold, og i tillegg er det særleg urovekkande at tiltalen no omfattar grovare overgrep enn det han tidlegare er domfelt for. Dette er noko av grunnen til at påtalemakta har teke atterhald om å legge ned påstand om forvaring.
Statsadvokaten legg også ned påstand om kontaktforbod mot dei fornærma.
Politiet vil også at mannen skal bli dømt til å ikkje kunne ha Snapchat, WhatsApp og KIK og at han må tole inndraging av digitale einingar og meldingskontoar.
Statsadvokat Inger Myklebust er aktor i saka.
Fleire tiltalepunkt
Mannen i 40-åra er også tiltalt for seksuell omgang med eit barn mellom 14 og 16 år.
I tillegg er han tiltalt for brot på straffelova §299, som gjeld valdtekt av barn under 14 år. Ifølge tiltalen skal han ha fått eit barn under 14 år til å utføre handlingar som svarar til seksuell omgang med seg sjølv.
Mannen er også tiltalt for å ha gjort ei seksuell handling med eit barn under 16 år.
I tiltalen står det at mannen skal ha utvist seksuelt krenkande eller annan uanstendig åtferd i nærvær av eller ovanfor barn under 16 år. Han skal mellom anna ha vore i kontakt med dei fornærma gjennom meldingstenester og sosiale medium. Der skal han ha sendt seksuelt krenkande og uanstendige meldingar.
Mannen skal også ha vippsa pengar og kjøpte varer til ein person under 18 år som skulle vere betaling for at han skulle få ha seksuell omgang med ho.
Bilde- og videomateriale
Den tiltalte skal han ha skaffa og oppbevart bilde- og videomateriale som seksualiserer barn. Nokre av desse filene skal han også ha delt.
Mannen skal også ha delt fleire videoar på ein meldingsteneste som viser seksuell omgang mellom dyr og menneske.
Sikta for nye lovbrot kort tid etter lauslating
Mannen var ferdig å sone den siste dommen våren 2025.
Då meinte politiet at faren for nye seksuallovbrot var stor, og bad om at mannen blei varetektsfengsla. Men dommaren sette foten ned.
Etter berre nokre veker blei han sikta for nye seksuallovbrot mot unge jenter, og det er nokre av desse forholda han no er tiltalt for.
Den tiltalte har vore fengsla sidan sommaren 2025.
Tidlegare dømt fleire gonger
Mannen i 40-åra blei for første gong dømt i 2019.
Då blei han dømt for å ha mottatt bilde som seksualiserte barn under 18 år, for seksuelt krenkande åtferd mot barn under 16 år og for å ha avtalt å møte eit barn under 16 år for å ha sex.
I 2023 blei mannen dømt på nytt.
Denne saka blei rulla opp av National Center for Missing & Exploited Children (NCMEC), som igjen varsla Kripos. Dei klarte så å spore IP-adressa til mannen.
Totalt blei han då dømt for seksuelt krenkande åtferd mot 10 barn.
Rettssaka mot mannen skal opp i Sunnmøre tingrett 23. mars.
Saka skal opp i Sunnmøre tingrett i mars. Det er sett av fleire dagar til saka i retten.