Herold

Bitcoin fell i verdi: Dette er årsakene

Kilde: NRK Author: Håvard Myhre Published: 2026-02-26 19:31:05 Last updated: 2026-02-27 12:39:44
Fell i verdi: – Ein nevrotisk valuta

I oktober var éin bitcoin verd over 1,2 millionar kroner. I dag er verdien tilnærma halvert.

Saka oppsummert

  • Verdien på bitcoin har falle med nesten 50 prosent sidan oktober, frå over 1,2 millionar kroner til rundt 600.000 kroner.
  • Ekspertar peikar på faktorar som lånefinansiering, tvangssal og frykt for ein gjentakande fireårssyklus som årsaker til fallet.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

– Kvifor har bitcoin sett ein så stor nedgang i det siste?

– Det er jo «tusenbitcoinspørsmålet»! svarer Svein Ølnes, styreleiar i Bitcoinpolitisk Institutt.

66-åringen slår fast at han ikkje har fasit, for det har ingen.

Kva er kryptovaluta?

Kryptovaluta er ei form for desentralisert digital valuta som er basert på blokkjeder. Kryptovaluta eksisterer ikkje i fysisk form, slik som myntar og setlar gjer.

Verdien på bitcoin er nærast halvert sidan pristoppen i oktober.

Frå ein kurs på over 1,2 millionar kroner, har han sokke til rett over 600.000 kroner ved utgangen av februar.

«Nevrotisk» valuta

Ølnes peikar på at bitcoin er ein valuta med stor volatilitet.

– Det er ein svært nevrotisk valuta, han toler veldig lite, humrar Ølnes.

– Bitcoin reagerer kjapt på både gode og dårlege nyheiter.

Bitcoin-kursen reagerte til dømes negativt på Trump sine toll-utspel i førre veke.

Ei deeskalering i Iran ville valutaen reagert positivt på, ifølgje krypto-gründer Torbjørn Bull Jenssen.

Han seier at fallet det siste halvåret har komme overraskande på mange.

– Vi har jo vore inne i ein periode med vedvarande auka adopsjon, fortel han.

Med adopsjon meiner han at bitcoin blir stadig betre integrert i det globale finansielle systemet.

– Fallet reflekterer ikkje den underliggande adopsjonen, seier Jenssen.

Krypto-fest kansellert

– Eg trur fallet botnar i den usikre globale situasjonen, spekulerer Ølnes.

Bitcoin blir ofte kalla «kanarifuglen i kolgruva», ifølge Ølnes.

Kanarifuglar vart brukte som gassvarslarar i kolgruver. Dei identifiserte fare før han vart ein reell trussel.

– Bitcoin kan brukast som barometer på global økonomi, meiner han, og siktar til at det er urolege tider.

Om kanarifuglen besvimte i kolgruva, var det eit dårleg teikn.

Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea kjøper ikkje den analogien.

Han viser til at det går godt i den amerikanske aksjemarknaden.

Indeksfondet S&P 500 har vakse 15 prosent det siste året.

Sidan bitcoin-toppen i oktober, har fondet vakse 2 prosent, mot bitcoin sitt fall på nesten 50 prosent.

– USA har ein president som snakkar varmt om krypto. Det er jo lagt til rette for at det skal bli ein skikkeleg fest, men det har ikkje skjedd, seier Næss.

Trump på plass under Bitcoin-konferansen i 2024.

Sårbarheit og surning

Jenssen har ei forklaring på kvifor kurva til bitcoins går nedover.

– I haust var det mykje lånte pengar som var investerte i marknaden. Dette skapte ei sårbarheit, seier Jenssen.

For når pilene starta å peike nedover, måtte dei med lånte posisjonar selje.

Det kom ein periode med tvangssal, som igjen påverka kursen.

– Nå har momentet surna, seier Jenssen.

Surninga heng saman med fleire faktorar, ifølge Jenssen, blant anna ei frykt for at «fireårssyklusen» skal gjentakast.

Bitcoin sitt moment har surna, meiner Jenssen.

Sjølvoppfyllande profeti

Fireårssyklusen heng saman med tilførselen av Bitcoin.

Da Bitcoin først kom i 2008, stod krana open.

Dei første åra blei det frigjort heile 50 bitcoin kvart tiande minutt.

Men i 2012 skjer det noko spesielt – krana blir halvvegs skrudd igjen. No blir berre 25 bitcoin frigjorde kvart tiande minutt.

Dette kallar vi ein «halvering». Kvart fjerde år blir tilførselen halvert av bitcoin.

– Etter halveringa følger kursen eit markant mønster, forklarer Ølnes.

– Kursen når ein topp cirka eitt og eit halvt år etter halvering – før det kjem ein kraftig kursnedgang.

Førre halvering fann stad i 2024.

Halvanna år seinare var éin bitcoin verd over 1,2 millionar kroner. I ettertid har valutaen sett ein kraftig kursnedgang.

Mønsteret ser ut til å gjenta seg.

Jenssen meiner det er snakk om ein sjølvoppfyllande profeti.

Folk fryktar nedgang i kursen og sel seg ut. Sala får kursen til å søkke, og mønsteret er komplett.

– Økonomi handlar trass alt mykje om psykologi, understrekar Ølnes.

Framtidsutsikter: – Skal til null

Robert Næss er ingen bitcoin-optimist. Han meiner den nylege nedgangen berre er starten.

– På lang sikt tenker eg at bitcoin skal til null, seier Næss.

Han veit ikkje kor mange år det kjem til å ta, men er overtydd om at dette er eit sannsynleg utfall.

– Bitcoin er ikkje noko som gir ein verdi, meiner investeringsdirektøren.

– Kjøper du aksjar, er du medeigar i eit selskap, og selskapet kan tene pengar. Kjøper du eigedom, får du leigeinntekter. Kjøper du bitcoin, får du eigentleg ingenting, argumenterer han.

Ølnes og Jenssen er ueinige i Næss sin analyse.

Jenssen avviser at bitcoin er i fritt fall.

– Eg trur vi er inne i ein kjedeleg periode, der bitcoin vil ligge stabilt på cirka 600–700.000 kroner ei stund, seier han.

Dette er avhengig av at det ikkje sprekk nokon store nyheiter, påpeikar Jenssen, som for eksempel at USA går inn i Iran.

– På lang sikt er bitcoin veldig attraktivt prisa. Bitcoin er fundamentalt sterkare no enn i oktober. Gjennom hausten blei sårbarheiter vaska vekk, seier Jenssen.

K33-sjefen er optimistisk for framtidsutsiktene til Bitcoin.

– Verda i morgon er meir digital enn i dag. Den institusjonelle adopsjonen held fram med full fart. Underliggande ser det positivt ut for Bitcoin, meiner Jenssen.

Verda blir meir og meir digital.

Ølnes har ei åtvaring til dei som vurderer å investere:

– Skal du investere i bitcoin, må du ikkje vere redd for å ta risiko. Om du er redd for risiko, må du halde deg unna, seier han.

– Ein må rekne med store svingingar, og tilpasse eksponeringane sine frå no av, seier Jenssen.

🏷️ Extracted Entities (15)

Bitcoin (entity) Torbjørn Bull Jenssen (person) Robert Næss (person) Svein Ølnes (person) Bank og finans 📁 (category) Bitcoin 📁 (category) Kryptovaluta 📁 (category) Norge 📁 (category) Iran (entity) KI (entity) Nevrotisk (entity) Nordea (entity) OpenAI (entity) Trump (entity) USA (entity)

📊 Metadata

Category: Bitcoin, Kryptovaluta, Bank og finans, Norge
OpenGraph Title: Bitcoin fell i verdi: Dette er årsakene
Twitter Title: Bitcoin fell i verdi: Dette er årsakene