Herold

Elden: Meiner grunnlaget for siktingane fell bort i saka mot Mona Juul og Terje Rød-Larsen

Kilde: NRK Author: NRK Published: 2026-02-26 20:35:12 Last updated: 2026-02-27 05:51:25
Elden: Meiner grunnlaget for siktingane fell bort i saka mot Mona Juul og Terje Rød-Larsen

Siktinga framstår som så generell at den i praksis ikkje let seg imøtegå, seier advokatane Thomas Skjelbred og John Christian Elden i ei pressemelding. Dei representerer Mona Juul som er sikta for grov korrupsjon, og Terje Rød-Larsen som er sikta for medverknad til grov korrupsjon. Siktingane kom etter nye opplysningar frå dei siste offentleggjorde dokumenta frå Jeffrey Epstein-saka. Advokatane meiner det ikkje er grunnlag for korrupsjonsskuldingane. – Korrupsjon krev nødvendigvis at det finst ei stilling å knytte fordelen til. Når dette fell bort, fell også grunnlaget for korrupsjonsskuldingane bort. Både Juul og Rød-Larsen avviser skuld i saka. – Økokrim meiner det er skjelleg grunn til å mistenkja grov korrupsjon og medverking til dette. Siktingane er breitt utforma og kan gjelda mottak av utilbørlege førdeler over tid i høve stilling, seier førstestatsadvokat Marianne Bender i Økokrim til NTB.

Elden: Meiner grunnlaget for siktingane fell bort i saka mot Mona Juul og Terje Rød-Larsen

🏷️ Extracted Entities (9)

Mona Juul (person) Terje Rød-Larsen (organization) Epsteins norske forbindelser 📁 (category) Epstein (entity) Jeffrey (entity) John Christian Elden (person) Marianne Bender (person) Thomas Skjelbred (person) Økokrim (entity)

📊 Metadata

Category: Epsteins norske forbindelser