Clinton-ekteparet vitnar om Epstein bak lukka dører
Hillary Clinton skuldar republikanarane for å ta merksemda bort frå USA sin president Donald Trump.
Saka oppsummert
- Hillary og Bill Clinton har blitt kalla inn til å vitne i Epstein-etterforskinga, leia av Kontrollkomiteen i Representantenes hus.
- Hillary Clinton hevdar at ho ikkje har informasjon som kan hjelpe etterforskinga.
- Bill Clinton har tidlegare innrømt å kjenne Jeffrey Epstein, men seier kontakten tok slutt tidleg på 2000-talet.
- Clinton-paret har bede om at vitnesbyrda deira blir offentleggjorde.
– De har tvinga meg til å vitne, vel vitande om at eg ikkje veit noko som kan hjelpe etterforskinga dykkar, skriv tidlegare utanriksminister og presidentkandidat Hillary Clinton på X.
Der publiserte ho opningstalen ho heldt for medlemmer frå Representanthuset torsdag, då ho vitna om relasjonen sin til Jeffrey Epstein. Clinton sjølv var i Chappaqua i delstaten New York, nær heimen hennar.
Høyringane er lukka, men blir filma og transkriberte.
Fekk spørsmål om ufoar
Ein irritert Hillary Clinton møtte pressa etter høyringa.
– Eg veit ikkje kor mange gonger eg har måtte seie at eg ikkje kjende Jeffrey Epstein. Eg var aldri på øya hans, eg var aldri i heimane hans, eg var aldri på kontora hans, sa Clinton natt til fredag, norsk tid.
Clinton møtte pressa natt til fredag norsk tid.
– Det vart ganske uvanleg til slutt, fordi eg byrja å få spørsmål om ufoar. Og ei rekkje spørsmål om Pizzagate. Dei mest avskyelege, oppdikta konspirasjonsteoriane som vart spreidde på internett, sa Clinton.
Også ektemannen hennar, Bill Clinton, skal vitne framfor same panel fredag.
Kontrollkomiteen i Representanthuset leiar undersøkingane i Epstein-saka, og har kravd at Hillary og Bill Clinton vitnar.
Verken Hillary eller Bill Clinton er skulda for kriminelle handlingar.
Skal ha besøkt Det kvite hus 17 gongar
Bill Clinton har vore open om sitt kjennskap til seksualforbrytaren Epstein, men hevdar kontakten tok slutt tidleg på 2000-talet.
Epstein skal ha besøkt Det kvite hus minst 17 gongar då Bill Clinton var president, skriv National Review som har analysert besøksloggen.
Flyloggar frå Epsteins privatfly – kjent som Lolita-ekspressen – viser at Clinton har vore med på fire internasjonale reiser i 2002 og 2003, skriv ABC News.
Bill Clinton har reist til Bangkok, Rwanda, Russland og Kina med seksualforbrytar Epstein sitt privatfly.
Ghislane Maxwell, Epstein sin ekskjærast, skal ha halde kontakten med Clinton familien fram til 2013. Ho blei straffedømt for seksualbrotsverk i 2021.
Ingen av offera i Epstein-saka har skulda Bill Clinton for upassande oppførsel.
Kva med Donald Trump?
Lenge har ekteparet nekta å stille opp i utspørjing i Kongressen om Epstein-dokumenta.
Likevel snudde dei i begynninga av februar.
Ifølge leiaren i kontrollkomiteen, republikanaren James Comer, snudde dei etter at Kongressen trua med stemne dei, skriv Time.
Kongressen har nemleg rett til å krevje at personar vitnar.
– Donald Trump må svare på spørsmål om Epstein frå dykk kvar dag. Clinton har ikkje svart på nokon så vidt eg veit, sa James Comer til AP News.
Han talte til pressa før Hillary Clinton si høyring.
James Comer leier tilsynskomiteen i Representanthuset. Komiteen er ein av dei mest innflytelsesrike og mektigaste panela i Representanthuset i USA
Hillary Clinton hevdar derimot at ho blir brukt for å ta merksemda bort frå Trump sine forbindingar med Epstein.
– Dei drar oss inn i dette for å ta bort merksemda frå president Donald Trump, sa Hillary Clinton i eit intervju med BBC førre veke.
Dette gjentok ho i opningstalen sin framfor panelet torsdag.
Clinton-paret har bede om at vitnesbyrda deira blir offentleggjorde.
– De har ikkje hatt nokon offentlege høyringar, nekta media å delta i høyringane, inkludert i dag, trass i å ha anerkjent behovet for openheit, seier Hillary Clinton i opningstalen sin til panelet, publisert på X.
Fleire vitne
Dei siste vekene har fleire andre personar blitt stemna til å vitne, blant anna Epstein sin rekneskapsførar Richard Kahn og Epsteins advokat Darren Indyke, skriv Bloomberg Law.
Ghislane Maxwell og milliardær Lex Wexner har alt vitna om banda sine til Epstein.
Berre Ghislane Maxwell og Jeffrey Epstein har så langt blitt dømde for menneskehandel av barn og rekruttering av barn til overgrep.
Er du interessert i meir utanriksstoff?