Frå eldreomsorg til eldresorg?
Plus
Kva vil framtida bli for seniorar?
Dette var spørsmålet Seniorhelsa stilte då dei i samarbeid med Pensjonistforbundet i Lindås arrangerte temakveld i Haugatun, Lindås, 13. november.
Det vart ein interessant kveld med to foredrag. Det første med gerontolog Inger Molvik under tittelen Eldre og samfunnet – eit framtidsperspektiv. Det andre foredraget held Arne Hjeltnes, kjent TV-person, forfattar mm, og han snakka mellom anna om Generasjonsbustader og felles møtestader for eldre.
Godt over 100 personar møtte, og i tillegg til foredraga var det flott underhalding med Vegard Kvestad som fylte salen med flott musikk på toradar.
Alt i alt ein både lærerik og kjekk kveld, men fekk me svar på spørsmålet som var utgangspunktet for kvelden? Eg er usikker,men det kom fram to alvorlege perspektiv: velferdssamfunnet slik me kjenner det i dag vil neppe kunna halda fram, og at me av den grunn må vera førebudde på å sørgja meir for eigen alderdom.
Kva ligg det i dette? Er det ikkje slik at Norge er eit av verdas rikaste land? Og er det ikkje også slik at velferdssamfunnet er hovudkjernen i den norske modellen? Me veit utruleg mykje om utviklinga i samfunnet, det vert fleire eldre og færre i arbeidsfør alder. Det er mangel på tilgjengeleg ressursar i helse og omsorg, det vert utdanna for få innanfor aktuelle yrke, og denne utviklinga synest å vera akseptert og ikkje til å snu. Dette er eg usamd i. Den norske modellen inneber ein samfunnskontakt for oss alle, me skal yta etter evne og få etter behov. Slik har det vore og kvifor skal me akseptera at dette ikkje skal gjelda også framover? Det store spørsmålet er om dei folkevalde er viljuge til å gjera omfordelingar slik at dei sikrar nok skatteinngang til å dekka dei aukande utgiftene. Eller skal me akseptera eit samfunn der dei som har mest skal få meir, og dei som har minst skal stå med lua i handa?
Eit slikt samfunn er eit samfunn med mindre fellesskapstankegang, omsorg og omtanke. Individualismen vil råda, fellesskapet vert taparen.
Dei eldre er ikkje ei homogen gruppe av hjelpetrengjande berre til bry for samfunnet. Tvert imot, svært mange eldre deltek i friviljug organisasjonsarbeid, engasjerer seg for lokalsamfunna, og er opptekne av å ta vare på både kultur, historie og ikkje minst kvarandre. Dei sørgjer for fellesaktivitetar og er med på å leggja til rette for ein god alderdom både for seg sjølv og andre.
Dei eldre held ikkje opp med å bidra til fellesskapet, heller ikkje økonomisk, det er skatt på både på pensjon og eventuell formue.
Å akseptera at denne modellen gradvis skal forvitra er ikkje ein veg å gå. Me treng aktive politikarar som tar grep og som kjempar for å oppretthalda eit samfunn som tar vare på, og har omsorg for, menneske i alle aldrar og i alle livssituasjonar.
Me må ikkje akseptera at eldreomsorg vert til eldresorg.