Herold

Satse på barna – og på eit aktivt liv for eldre

Kilde: Romsdals Budstikke Author: David Grøvdal og Janne Søvik Published: 2026-02-27 12:24:16
Satse på barna – og på eit aktivt liv for eldre

Regjeringa styrkjer no to viktige satsingar som også betyr mykje for oss i Rauma: ein meir praktisk skule for barna våre og ei ny tilskotsordning for aktivitetstilbod til eldre.

Satse på barna – og på eit aktivt liv for eldre

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Rauma Arbeidarparti meiner dette er klok og framtidsretta politikk.

Tilskotsordninga for praktisk utstyr i skulen blir auka til 191 millionar kroner, og no blir også 1.–4. trinn omfatta. Det er eit viktig grep. Skulen skal ikkje berre vere teori og stillesitting. Dei yngste barna treng leik, rørsle, meistring og tryggleik. Ein meir praktisk og variert skulekvardag gir betre motivasjon – også for lesing, skriving og rekning. Barn lærer ulikt, og mange lærer best når dei får bruke hendene og vere i aktivitet.

For Rauma betyr dette at vi må vere offensive og søkje midlar. Dette er ei konkret verkemiddel til å styrkje læringsarenaene våre – både inne og ute – og sikre at seksårsreforma igjen blir det ho var meint å vere: ein skulekvardag fylt av både læring og leik.

Samtidig lanserer regjeringa ei ny tilskotsordning på 70 millionar kroner til aktivitetstilbod for eldre. Målet er å motverke einsemd, fremme fysisk og sosial aktivitet og bidra til at fleire kan bu trygt heime lenger. Frivillige organisasjonar kan søkje om midlar til både nye og etablerte tiltak, også til transportløysingar som gjer det mogleg å delta.

For ein kommune som Rauma, med både tettstad og levande bygder, er dette spesielt viktig. Gode møteplassar og aktivitetstilbod skaper helse, livsglede og samhald.

Så må me være heilt tydelege: Eldre er ikkje skrøpelege, passive mottakarar av tenester. Eldre er ressursar. Dei er besteforeldre, frivillige, naboar, støttespelarar og berebjelkar i lokalsamfunnet vårt. Mange ønskjer å bidra – og samfunnet treng dei. Ei satsing på aktivitet er derfor ikkje berre omsorgspolitikk. Det er samfunnspolitikk.

Rauma Arbeidarparti vil arbeide for at kommunen brukar desse verkemiddela godt. Det å satse på barna våre og på eit aktivt og verdig liv for eldre er å satse på heile lokalsamfunnet.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (8)

Rauma Arbeidarparti (person) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Rauma 📁 (category) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Rauma 🏷️ (keyword) Nordvest (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Rauma
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Rauma