Herold

Det var redninga

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Anonym Published: 2026-02-27 13:20:10 Last updated: 2026-02-27 13:20:17
Det var redninga

Som foreldre til eit barn med store og samansette behov har vi fÄtt kjenne pÄ kroppen kva det betyr nÄr hjelpa sviktar.

Forslaget om nedlegging av familieeininga og Knausen skule rammar dei familiane som treng det mest

Du leser nÄ et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

FÞr vi kom til Knausen, stod vi i ein omsorgsbyrde som var sÄ tung og uoversiktleg at vi ikkje sÄg nokon veg vidare. Manglande forstÄing, koordinering og stÞtte i eigen kommune gjorde situasjonen uhaldeleg. Vi var utslitne, og i ein periode sÄ pressa at vi som foreldre var pÄ veg til Ä gÄ til grunne.

Det var fÞrst dÄ vi kom til Knausen at vi for fÞrste gong opplevde Ä bli mÞtt, sett og forstÄtt som ei heilskapleg eining. Der var det ikkje fragmenterte tenester som jobba kvar for seg, men eit samla tverrfagleg miljÞ som sÄg heile bildet. Dei hadde hÞg fagkompetanse, men ogsÄ noko som er minst like viktig: ei unik relasjonskompetanse som skapte tillit og tryggleik frÄ fÞrste stund.

Les ogsÄ:

PĂ„ Knausen blei bĂ„de barnet vĂ„rt og sĂžskena og vi foreldre sett – ikkje berre i samtalar, men i heile kvardagen sin. Dei observerte og forstod barnet i skule, i bustad, i aktivitetar og i dei smĂ„, men viktige overgangane som ofte er dei mest krevjande. Det gav ei innsikt og ei total forstĂ„ing vi aldri hadde mĂžtt nokon annan stad.

For oss var dette ikkje berre eit tiltak. Det var redninga. Utan denne hjelpa hadde vi ikkje vore den familien vi er i dag. Og kostnadene for samfunnet – bĂ„de menneskelege og Ăžkonomiske – ville vore enorme om vi hadde gĂ„tt til grunne.

Les ogsÄ:

Difor er det uforstĂ„eleg og djupt uroleg at familieeininga no blir vurdert nedlagt og avvikla som tilbod. For kven skal ta imot dei familiane som stĂ„r i same situasjon som vi gjorde? Kven skal sjĂ„ heile familien, ikkje berre arbeide fragmentert og oppstykka? Kven skal sikre at barn med store behov blir forstĂ„tt i alle settingar – ikkje berre pĂ„ eit kontor?

Vi veit av eigen erfaring at dette tilbodet fungerer. Vi veit at det reddar familiar. Og vi veit at det sparar samfunnet for enorme kostnader pÄ sikt.

Å legge ned eit fagleg sterkt, tverrfagleg og livsviktig tilbod som dette, er ikkje berre eit administrativt vedtak. Det er eit val som fĂ„r direkte konsekvensar for dei mest sĂ„rbare barna og familiane i MĂžre og Romsdal.

Vi hĂ„par dei som no tek avgjerdene, lyttar til dei som faktisk har stĂ„tt i dette – og forstĂ„r kva som stĂ„r pĂ„ spel.

Fortvila foreldre i MĂžre og Romsdal

Les ogsÄ:

Vil du skrive i PÄ trÄden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

đŸ·ïž Extracted Entities (12)

Knausen (entity) Helse MĂžre og Romsdal 📁 (category) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) MĂžre og Romsdal 📁 (category) Helse MĂžre og Romsdal đŸ·ïž (keyword) Leserinnlegg đŸ·ïž (keyword) MENINGER đŸ·ïž (keyword) MĂžre og Romsdal đŸ·ïž (keyword) MĂžre (entity) Nordvest (entity) Romsdal (place)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, MĂžre og Romsdal, Helse MĂžre og Romsdal
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, MĂžre og Romsdal, Helse MĂžre og Romsdal