Herold

Europaligaen: Brann tapte mot Bologna – eit raudt kort splittar ekspertane

Kilde: NRK Author: Åsne Margrete Kleiv Published: 2026-02-26 21:52:41 Last updated: 2026-02-27 07:35:28
Brann-profilen tek sjølvkritikk etter utvising: – Dummar meg ut

Brann kunne gjere det store mot Bologna, men så snudde det. Ei utvising skapar splid blant ekspertane.

– Eg tar det på min kappe. Eg kjenner det spesielt på gutane sine vegner, seier Jacob Lungi Sørensen til pressa.

Brann har akkurat tapt returoppgjeret mot Bologna, og er ute av Europaligaen.

– Eg føler vi har moglegheita her til å gjere noko stort, og så dummar eg meg ut, seier dansken til Viaplay etter kampen.

Berre 20 mil frå Milano, der Bodø/Glimt tok seg til ein historisk åttedelsfinale i Meisterligaen, kunne Brann gjere det same i Europaligaen. Og det såg lenge lyst ut.

STOR SJANSE: Noah Holm var nære å sette det første målet i kampen.

– Eg er fornøgd med det Brann får til her i starten, sa NRKs ekspert Andrine Hegerberg.

Men så skjedde det som ikkje skulle skje.

Brann-spelar Jacob Lungi Sørensen kom inn i ei takling med ein høg fot, som hamna i låret på ein Bologna-spelar.

– Dette er ikkje bra for Brann sin del. Vi er vane med at italienarane er litt dramatiske. Men her ser vi klare merker på låret, seier Hegerberg.

Dommaren var ikkje i tvil og drog fram det raude kortet, og Brann måtte klare seg med ein mann mindre på banen.

UTVISING: Ein Brann-spelar fekk raudt kort i kampen mot Bologna.

– Veldig uheldig

– Vi var uheldige med det raude kortet, seier Jón Dagur Thorsteinsson til Viaplay i pausen.

– Det er berre ei takling, og han feilreknar. Eg synest ikkje det er raudt kort, eg synest det er uflaks, men han treff han, seier Brann-spelaren, som var svært tett på situasjonen.

Også trenar Freyr Alexandersson meiner dansken var uheldig.

– Det er veldig klønete. Jakob er ein stor personlegdom, og har ingen problem med å ta ansvar. Eg kjem ikkje til å gå etter Jakob. Det skal ikkje finnast nokon syndebukk. Jakob prøver, og det er overhovudet ikkje noko vondt i dette. Han er veldig uheldig.

TEK SJØLVKRITIKK: Jacob Lungi Sørensen tek sjølvkritikk etter kampen.

Ueinige i avgjerda

Viaplay-ekspert Erik Huseklepp er einig Brann-leiren og meiner avgjerda var streng.

– Han prøvar å trekkje til seg foten, det burde dommaren ha sett. Då kunne VAR sett på han, meiner Huseklepp.

NRKs ekspert Carl Erik Torp er derimot meir delt i synet på utvisinga.

– Det er klønete av Sørensen som set seg sjølv i den situasjonen. Han tar ein risiko der. Han prøvar å trekkje seg, men kontakten er klar. Då er det vanskeleg å seie noko på den avgjerda. Det er veldig synd for Brann, for dei såg fantastiske ut dei første 35 minutta. Det blir ein direkte avgjerande situasjon for Brann sine moglegheiter, seier Torp.

Han får støtte frå Viaplays kommentator, Lars Tjærnås, som meiner dommaren hadde sitt på det tørre.

– Det er tre kriterium som gjeld: kraft, fart og treffpunkt. Eg meiner, diverre, at den er grei og kan forsvarast. Han kjem inn med tre–fire stegs fart og treff så høgt at det er rett å gi det raude, seier Tjærnås.

TI MANN: Brann blei tidleg ein mann mindre på banen mot Bologna.

– Veldig sårt

Einig eller ueinig i det raude kortet. Ekspertane var i all fall samde om kva det hadde å seie for resten av kampen.

– Det raude kortet øydelegg alt i kveld, er konklusjonen frå Viaplay-kommentator Andreas Toft.

I andre omgang sette også italienarane sitt første mål i kampen, og det andre i oppgjeret. Bologna er klar for åttedelsfinale.

– Akkurat no er det litt emosjonelt. Eg er litt lei meg, for eg synest det har vore ei skikkeleg gøy reise. Vi skaper bra med sjansar før vi får det raude kortet. Det er veldig sårt, men vi har gjort alt vi kunne, seier Fredrik Pallesen Knudsen til Viaplay etter kampen.

2-0 SAMANLAGT: Bologna vann til slutt 2-0 etter to kampar.

– Eg sit att med ein veldig blanda følelse. Eg er eigentleg litt slik snurt for at eg ikkje fekk oppleve kor bra Brann kunne vore i dag, seier Torp og held fram:

– Det såg så bra ut etter 38 minutt, at vi ikkje fekk sjå korleis Brann hadde handtert det vidare ut i kampen. Det var så gode moglegheiter, moglegheiter for å skåre et mål. Dei kunne laga spenning. Eg føler meg litt snurt av at vi ikkje fekk oppleve det, avsluttar han.

🏷️ Extracted Entities (22)

Bologna (entity) Brann (entity) Viaplay (entity) Jacob Lungi Sørensen (person) Fotball 📁 (category) SK Brann 📁 (category) Carl Erik Torp (person) Erik Huseklepp (person) Europaligaen (entity) Lars Tjærnås (person) Andreas Toft (person) Andrine Hegerberg (person) Bodø/Glimt (entity) Fredrik Pallesen Knudsen (person) Freyr Alexandersson (person) Jakob (entity) Jón Dagur Thorsteinsson (person) Meisterligaen (entity) Milano (entity) Noah Holm (person) SAMANLAGT (entity) VAR (entity)

📊 Metadata

Category: Fotball, SK Brann
OpenGraph Title: Europaligaen: Brann tapte mot Bologna – eit raudt kort splittar ekspertane
Twitter Title: Europaligaen: Brann tapte mot Bologna – eit raudt kort splittar ekspertane