Herold

E39 open etter trafikkulykke i Volda

Kilde: NRK Author: Kaspar Fredrik Selvik Published: 2026-02-27 07:32:50 Last updated: 2026-02-27 11:17:04
E39 open etter trafikkulykke i Volda

– Det har vore store krefter i sving, det er store skadar på bilane, seier Nils Bjerknes på 110-sentralen i Møre og Romsdal.

To bilar, med tre personar, var fredag morgon i ei trafikkulykke på E39 ved Ekset i Volda.

Politiet melder at situasjonen for dei involverte i ulykka skal vere stabil. Skadane skal vere brotskadar.

Dei tre personane vart tatt med til traumemottak ved Volda sjukehus.

To bilar, med tre personar, var involverte i ulykka.

Kriminalteknikar vart sendt til ulykka frå Hovdebygda, og dei gjennomførte undersøkingar på staden.

E39 mellom Volda og Ørsta vart stengt som følgje av ulykka. Vegen er no opna igjen etter at bilbergar har henta bilane, og entreprenør har rydda ulykkesområdet.

– Bilbergar er snart framme på staden, og ein entreprenør skal få rydda ulykkesområdet. Vi reknar med at det ikkje vil ta så lang tid, sa trafikkoperatør Per Slaatsveen klokka 10.50.

Han fortel og at det har vore utfordringar på dei mindre fylkesvegane som følgje av ulykkene.

– Når E39 blir stengt vil det sjølvsagt føre til trafikale utfordringar, så det gjeld å ha tolmod, seier Slaatsveen.

Kø på omkøyringsvegen mellom Volda og Ørsta klokka 09.30.

Ulykkesgruppa returnerer

Ulykkesgruppa i Statens vegvesen rykka ut frå Molde til ulykkesstaden.

– Men vi har nå varsla gruppa om at den skal returnere. Ulykka står fram mindre alvorleg enn frykta, seier operasjonsleiar Ragnvald Knut Rasmussen i politiet klokka 09.10.

Brannvesenet rykka ut for å sikre skadestaden. Dei har no returnert.

E39 mellom Volda og Ørsta blei stengd på grunn av ulykka.

Politiet seier det er ei alvorleg ulykke. Dei ber om eventuelle vitne å melde seg til dei på 02800.

Politiet melde om ulykka klokka 08.00.

🏷️ Extracted Entities (17)

Volda (entity) Møre og Romsdal 📁 (category) Politisaker i Møre og Romsdal 📁 (category) Samferdsel Møre og Romsdal 📁 (category) Trafikk i Møre og Romsdal 📁 (category) Volda 📁 (category) Ørsta (entity) Per Slaatsveen (person) E39 (entity) Ekset (entity) Hovdebygda (entity) Molde (place) Møre (entity) Nils Bjerknes (person) Ragnvald Knut Rasmussen (person) Romsdal (place) Statens (entity)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Trafikk i Møre og Romsdal, Volda, Samferdsel Møre og Romsdal, Politisaker i Møre og Romsdal
OpenGraph Title: Alvorlig ulykke på E39 i Volda
Twitter Title: Alvorlig ulykke på E39 i Volda