Herold

Dette skal du ikkje spørje Team Pølsa om

Kilde: NRK Author: Andrea Holm Tanderø Published: 2026-02-27 09:34:24
Dette skal du ikkje spørje Team Pølsa om

Her er det ungdommane i Team Pølsa faktisk vil at du skal spørje om.

Folk stirar. Og dei spør.

Kvifor sit du i rullestol? Har du ingen armar? Er du blind?

Uønskte blikk og spørsmål er noko mange med funksjonsnedsetjingar opplever. Dette er også kvardagen for fleire av ungdommane i Team Pølsa.

Teite spørsmål

Benjamin Midtbø Høydal (11) har dysmeli og vart fødd med underutvikla armar.

– «Kvifor har du ingen armar?» Det er det dummaste eg blir spurt om, seier Benjamin.

For sjølv om armane hans er kortare enn mange andre sine, så brukar han dei når han skal pusse tennene eller skyte med gevær.

Han er med i sesong to av NRK-suksessen «Team Pølsa». I år skal eit heilt nytt lag prøve seg på skiskyting i sjølvaste Holmenkollen. Du kan følgje serien frå fredag 27. februar i NRK TV.

Han opplever også at mange stirar på armane hans. Han vil heller at du skal spørje enn å stire.

– Still vanlege spørsmål. Til dømes spurde Erik: «Kva har skjedd med armane dine?». Det er betre enn å seie at eg ikkje har armar, seier han.

Kornelius Smeby-Ryen (13) har hydrocephalus og vart fødd med ryggmergsbrokk som gjer at han sit i rullestol. Han likar ikkje å bli spurt om han kan gå.

– Det er det teitaste spørsmålet eg får. Trur dei at eg sit i rullestol for moro skuld? seier Kornelius og ler.

Dette seier resten av Team Pølsa om vanskelege spørsmål:

– Eg er ikkje berre svaksynt

Alva Bjerrehorn (13) er sterkt svaksynt og vil ikkje at nokon skal kalle henne blind. For ho er ikkje det.

– Folk trur at eg ikkje ser nokon ting, men eg ser mykje meir enn ingenting, seier Alva.

Ho legg også til at det å vere svaksynt er ein veldig liten del av personlegdommen hennar. Det treng ikkje vere det første du spør ho om.

– Eg er ikkje berre svaksynt. Du kan snakke med meg om andre ting også, seier Alva.

Hugs dette når du møter nokon med ei funksjonsnedsetjing:

Sjå mennesket Hugs at dei har personlegdom og interesser dei kan prate om. Snakk om andre ting enn berre funksjonsnedsetjinga deira!

Greitt å spørje?

Det er heilt lov å vere nysgjerrig, men ikkje alle ønskjer å få spørsmål om funksjonsnedsetjinga si heile tida. Du er berre ein av mange som lurer. Høyr med dei om det går greitt før du spør.

Spør før du hjelper.

Personar med funksjonsnedsetjing er ikkje hjelpelause. Nokre treng hjelp, andre treng det ikkje. Spør om du kan hjelpe, og ta eit nei for eit nei!

Kva haldningar har du?

Haldningar kan føre til diskriminering. Ver merksam på kva haldningar vi har i samfunnet mot personar med funksjonsnedsetjing.

Kjelde: Gunhild Astrid Frisell/ Fafo

– Ikkje ver redd

Hanne Johnsrud Fjellheim i Unge funksjonshemmede opplever at mange er usikre på korleis dei skal møte unge med funksjonsnedsetjingar.

– Barn er barn. Prøv å møte dei slik du ville møtt eit kva som helst anna barn, seier ho.

Sjølv om mange får spørsmål dei helst vil sleppe, meiner Fjellheim at vi ikkje må få berøringsangst. Ho anbefaler å stille spørsmål om mennesket, ikkje berre diagnosen.

– Ikkje ver redd for å spørje. Om du les deg litt opp på førehand, slepp du å stille dei unødige spørsmåla, seier Fjellheim.

Er du usikker på kva ord som er greitt å bruke? Fjellheim tilrår å sjå på NRKs ordliste for funksjonsmangfald.

🏷️ Extracted Entities (13)

Team Pølsa (person) Funksjonshemmedes rettigheter 📁 (category) NRK TV (organization) Nyttig 📁 (category) Alva Bjerrehorn (person) Hanne Johnsrud Fjellheim (person) Kornelius Smeby-Ryen (organization) Benjamin Midtbø Høydal (person) Erik (entity) Gunhild Astrid Frisell/ Fafo (organization) Holmenkollen (entity) Hugs (entity) Unge (entity)

📊 Metadata

Category: Nyttig, Funksjonshemmedes rettigheter