Herold

I år kan Vintertreffet feira sølv, men dei leverer til gull

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Ida Carlsen Aabrek Published: 2026-02-25 16:49:00
I år kan Vintertreffet feira sølv, men dei leverer til gull

LESARINNLEGG: Ida Carlsen Aabrek har som så mange gongar før skrive ein prolog etter det Vintertreffet på Vaksdal.

Gratulera so mykje med 25 år,flott å sjå at Vaksdal Underholdningslag og Vintertreffet framleis lever og består!I år kan de feira sølv, men de leverer til gull,og dette meiner eg ærleg, det er ikkje noko tøys eller tull.

Det er ikkje alle som i eit slikt krevande forhold ville holdt ut og stå so på,men de viser at dette kan de verkeleg få til fungera og gå,so eg seier berre «gratulera so mykje, og all honnør»,til denne flotte gjengen som står på og som tør,

og laga til ei festhelg med song og musikk,og me treng berre finna billettar, so er det gjort med eit klikk.Flott å sjå at de har fått ny logo,her kan me sjå fjorden, siloane og fjella over Bogo.

Torsdag 19. februar starta festen,og eg var sjølvsagt den begeistra gjesten.Samfunnsalen var stappfull og stemninga var god rundt borda,no var det berre å kosa seg og la seg underholda.

Og med det flotte husbandet og kappellmester Erlend Styve som åpna kalaset,forsto me snart at dette kom til å bli av det proffe laget.Det må jo vera flott å vera musikalsk gjest,når husbandet spelar opp til ein slik flott musikalsk fest.

Førstemann på scena var vår egen Helge Nyheim, trommis men i kveld først som vokalist,og det trakterte han fint, han er ein stor artist.Men trommestikkenene fekk og svinga seg , og det gjekk jammen fort!Såg nesten ut som risikosport!

So var det Eldar Vågan sin tur,med gode gamle Vazelina-songar på lur.Det vart både «Surfbrett i kryssfiner» og «Bomull i øra»,og slike songar likar me å og høyra.

Vår egen Frida Amundsen var so fri og fin på scena,med nye songar som ho ville presentera,var so kjekt å sjå Frida svinga seg og sleppa seg litt meir laus,håpar me får sjå meir av dette, og kanskje meir i lag med Taus.

So var det Ingebjørg Bratland sin tur til å entra scena,det er lett å sjå at det er hennar arena,nydelege songar med fine tekstar,og med klokkeklar stemma og gitar.

Odd Nordstoga song ikkje om grisen som hyler denne gongen,men hyllest til mor med den fine songen,«Eg lengtar heim til mor»,for no er Odd blitt stor.

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga i duett,var jo skikkeleg fint rett og slett!Alle artistane fekk komma på besøk i sofaen til Pia,og det er so kjekt med den gode praten i ettertida.

Då var førstekvelden unnagjort,når me har det kjekt går tida berre so altfor fort.Men me var klare for nye sprell,fredag vart det ein ny flott musikalsk kveld.

Då var det Busserulls som sto for tur,og dei hadde mykje godt på lur.Me fekk både plukka «Plommer i Hardanger»,«ditti di di ditti» og høyra om bon og anger.

Full guff frå første strofe,og publikum var ikkje vanskelege å be.Til slutt kokte heile salen,me jodla og song,vart halleluja-stemning og «Syng for denne sjømann for aller siste gong»!

So vart salen rydda , det var tida for dans,og med flott Creedence-musikk , vart det nett ingen vals!So kjekt å høyra denne flotte musikken frå ungdomstida vår,flott at den framleis lever og består,

so den som rusla glad og fornøgd ut dørane,var ei godt vaksen dame syngjande,«then I wondered, still I wondered, who stopped the rain».

Lørdag var det igjen duka til fest, men då for dei små,veldig flott at dei og vert huska på.På Senteret var det rigga til med hoppeslott ,kakesalg og gratis pizza,og hoppeslottet både dansa og rista.

Og då må eg nok ein gong,takka for flotte dagar med god stemning, mykje flott musikk og song.Takk til gjengen i Vaksdal Underholdningslag,som legg ned så mykje dugnad dag etter dag.

Dette betyr mykje både for oss i bygda, og for vår kommune,det kan me sjå på kven som er publikummet.At me kan gå ut og kosa oss, og oppleva alt dette i eiga bygd,og eg føler meg ganske sikker på, og er heilt trygg,på at det er mange som meiner det same,det er derfor me stiller opp og er med.

Eg har eit ønskje til neste Vintertreff,og det er Herborg Kråkevik, som eg trur vil bli ein suksess,å sjå ho i Felleskjøpet dress!For ho har det alltid best,i Felleskjøpet dress!

Takk for meg!

Vaksdal 22.02.2026Ida Carlsen Aabrek

🏷️ Extracted Entities (21)

Vintertreffet (entity) Odd Nordstoga (person) Felleskjøpet (entity) Frida Amundsen (person) Ingebjørg Bratland (person) Vaksdal Underholdningslag,som (organization) Bogo (entity) Busserulls (entity) Creedence (entity) Eldar Vågan (person) Erlend Styve (person) Helge Nyheim (person) Herborg Kråkevik (person) Ida Carlsen Aabrek (person) Pia,og (entity) Plommer i Hardanger (entity) Senteret (place) Taus (entity) Vaksdal Underholdningslag (organization) Vazelina (entity) Vintertreff,og (entity)