Skyss sitt svar til Lars Børge Sæberg
Plus
Lars Børge Sæberg skriv i lesarinnlegg at han har blitt villeia av Skyss sin ruteapp, og viser til at han har fått opp reiser frå Bergen busstasjon til Dimmelsvik med lange ventetider på vegen.
Reiseplanleggaren bruker ein algoritme som vektar ulike faktorar, som avgangstid, reisetid, gangtid/gangavstand, overgangstid og tal på byter. Datamaskinar er neppe nokon gong lokalkjende, og ei slik form for kunstig intelligens ligg nok langt inn i framtida. Det algoritmen søkjer, er å finna beste reisemåte for deg på det tidspunktet og med dei parametrane du sjølv har lagt inn. Den vil også freista å gje deg fleire reisealternativ.
Sidan hurtigbåten til Rosendal til dømes berre går to gonger for dagen vil den på tidspunkt som ikkje klaffar med dette, ikkje koma opp. Då kan du i staden få føreslått alternativ som er meir kronglete. På noko lengre turar som dette kan det difor vera lurt å prøva søk med litt ulike reisetidspunkt.
Skyss er elles i ferd med å utvikla ein ny app, som vil vera felles reise- og billettapp. I den samanhang ser vi også på justeringar for at reisande skal få mest mogleg relevante reiseruter også på lengre turar.