Herold

– Burde vore forbudt

Plus
Kilde: Strandbuen Published: 2026-02-26 15:00:00
– Burde vore forbudt

Tidlegare rektor Knut Vadla syns ingenting om at bankkort har tatt over for kontanter.

Aldri før har pengane styrt verden som i dag.

Arne Garborg skriv om pengar:

Ein kan kjøpa seg

mat men ikkje mathug

dropar, men ikkje helse,

mjuke senger, men ikkje svevn,

lærdom, men ikkje vit,

stas, men ikkje venleik,

glans, men ikkje hygge,

moro, men ikkje glede,

tenarar, men ikkje truskap,

gråe hår, men ikkje ære,

rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting kan ein få for pengar, men ikkje kjernen;

den er ikkje for pengar fal. (sitat slutt)

Verden har nok aldri hatt eit fullverdig pengesystem. Dagens pengesystem byggjer på kontinuerleg vekst, ein vekst som er sjølve drivfjøra i systemet. Dette høver dårleg med det me har bruk for i dag, der me allereie står i ein verden kor me har lagt oss til eit forbruk langt over det som er berekraftig.

Vekst inneber auka forbruk. Slik vekst er ei kreftcelle i systemet. Det skurrar å høyra og sjå våre politikarar stå fram og lova oss vidare vekst. Kor vil dei ta det frå?

Me står i ein uhyre vanskeleg situasjon, kor det ikkje nyttar å stikka hovudet i sanden, og tru at det vil gå over. Det har blitt eit munnhell: At ein må tenkja nytt, ha nye tankar. Statsleiarar med stor makt har så langt ikkje lagt noko gullegg. Skulle det vera ein plass kor me har bruk for nye tankar, så må det vera her og nå.

Leitar me i historia finn me døme på korleis dei til ei viss grad ved lov eliminerte grådige «oligarkar» i å samla seg ubegrensa med eigedom. I Romerrike, på Jesu tid, hadde dei sabbatsår kvart sjuande år, og jubelår kvart femtiande år. I jubelåret blei all gjeld sletta. Og uheldige som kanskje hadde mista eigedom fekk nå etter visse reglar moglelegheit til å delvis få dette tilbake.

I dag kor alle reglar for styring med kapitalen er avskaffa, ser me at kapitalen i aksellererande fart samlast i ubegrensa mengder på færre og færre hender. Det er også ganske ufint, når bankane våre som i dag, stengjer dørene, og tvingar oss inn i eit digitalt system. For få tiår sidan låg bankane på kne, for å få forvalta våre pengar. I dag, når dei har fått pengane på plass tek dei styringa frå folket, Slike bankar har me ikkje bedt om. Og korleis får med tak i pengane våre om det blir straumstans?

Så lenge det er lovleg å bruka setlar og mynt, burde bankane sjølvsagt stått til teneste med det. Den dagen dei har fått pengane heilt bort, vil me stå ribba tilbake, fullstendig i lommen til banken. Eit bankkort vil aldri kunna erstatta pengar. Dette er og blir misbruk av makt, som umyndiggjer oss vanlege borgarar.

Denne store gjennomgripande reforma er trunfa inn på oss i den eldre generasjonen i full fart, på ein heilt uakseptabel måte. Dette har skapt eit unødig generasjonsgap, som me aldri har sett maken til.

Å gjera oss avhengige av eit reiskap som mobilen, som er avhengig av straum og som dagleg, året rundt, bombarderar oss med store mengder søppel- og svindelmeldingar, burde vore forbudt. Eit slikt samfunn har me aldri opplevd før.

Kva kan me så forventa oss av KI?

🏷️ Extracted Entities (6)

Arne Garborg (person) Jesu (entity) KI (entity) Knut Vadla (person) Romerrike (entity) Slike (entity)