Ny butikksjef i Årdal: – Takksam for tilliten eg har fått
Plus
Kristin Husabø (32) er tilsett som ny butikksjef ved Extra Øvre Årdal.
Ho har jobba i butikken sidan 2018 og tek no steget opp i rolla etter fleire år med ansvar og utvikling internt, melder Coop Nordvest i ei pressemelding.
Sidan 1. juli 2025 har Husabø fungert som konstituert butikksjef, før ho no overtek stillinga på fast basis.
– Fått meir tru på meg sjølv
– Eg er veldig takksam for tilliten eg har fått. For meg handlar rolla som butikksjef ikkje berre om drift og resultat, men om menneska. Eg ønskjer å skapa eit trygt og godt arbeidsmiljø, sjå kvar enkelt medarbeidar og byggja eit sterkt team, seier Husabø, som bur i Årdal saman med sambuar, hund og to døtrer på fem og eitt år.
At ho skulle bli leiar, er noko ho ikkje hadde sett føre seg, ifølgje pressemeldinga.
– Eg har alltid vore litt stille og tilbaketrekt, og kanskje tenkt at andre var betre enn meg. Men eg har hatt leiarar som har sett meg og gitt meg ansvar, og det har betydd mykje, seier ho.
Spesielt trekkjer ho fram tidlegare butikksjef Morten Myrland.
Utvikling over tid
– Morten har hatt tru på meg og utfordra meg til å ta steg vidare. Det har gjort at eg har turt å prøva, og etter kvart fått meir tru på meg sjølv.
I Coop Nordvest-leiinga er dei nøgde med tilsetjinga, og meiner Kristin er eit godt døme på korleis utvikling skjer over tid og korleis medarbeidarar kan veksa inn i leiarroller.
Driftssjef i Coop Nordvest, Bjarte Espeland trekkjer fram at Kristin kjenner butikken, dei tilsette og kundane godt.
– Ho har vore ein sentral del av drifta i fleire år og har vist både ansvarskjensle og leiareigenskapar. Dette er ei intern rekruttering me er svært glade for, seier Espeland.