Me kan ikkje byggja ned tryggleiken i Sogn
Plus
Eg er 18 Är og bur i Sogn. Eg har vakse opp med LÊrdal sjukehus som ein naturleg del av kvardagen vÄr. Det har alltid vore der som ein tryggleik. No kjenner eg ei uro over at sjukehuset vert svekka bit for bit, og eg fÞler at me mÄ seia klart ifrÄ.
Sogn og Fjordane Unge HĂžgre er tydelege: Me er imot kutta som no vert gjort ved LĂŠrdal sjukehus, og me vil at sjukehuset skal styrkjast, ikkje byggjast ned. Dette handlar ikkje om tal i eit budsjett, men om tryggleiken til folk som bur her.
Kutta er store og merkbare. Den ortopediske avdelinga skal leggjast ned. Operasjonar innan ortopedi forsvinn frÄ LÊrdal, og attende sit me berre med eit poliklinisk ortopeditilbod inntil to dagar i veka. To dagar kan ikkje erstatta eit fullt fagmiljÞ med operasjonar og beredskap kvar dag.
I tillegg er det vedteke kutt pĂ„ 3,5 millionar kroner ved skadepoliklinikken, og det har vore vurdert Ă„ kutta opptil 50 stillingar. Femti stillingar. Det er ikkje berre tal â det er menneske som jobbar her, familiar som er avhengige av jobbane, og fagfolk som gjer LĂŠrdal sjukehus trygt for alle som bur her.
Ja, indremedisinen skal framleis vera ryggrada ved sjukehuset. Men eit sjukehus er meir enn ei ryggrad. NÄr ein fjernar ortopedien, reduserer skadepoliklinikken og vurderer store kutt i bemanning, vert heilskapen svekt. Litt etter litt vert tryggleiken til folk i Sogn redusert.
Kutta fĂ„r ĂČg konsekvensar for framtida til lokalsamfunnet. Mange unge som vil bli helsefagarbeidarar, sjukepleiarar eller anna helsepersonell, mĂ„ flytta vekk for Ă„ fĂ„ erfaring og jobb. NĂ„r tilbodet vert svekka, mister me fagfolk i regionen, og det vert vanskelegare Ă„ rekruttera nye. Dette skapar ein ond sirkel: fĂŠrre fagfolk, svakare sjukehus, mindre tryggleik, fĂŠrre som vil busetja seg her.
Eg kjenner sjĂžlv pĂ„ kor vanskeleg det kan vera nĂ„r nokon vert skadd i omrĂ„det vĂ„rt. Me bur i ein region med lange avstandar, tunnelar og fjellovergangar. Om vinteren kan vĂȘret stenga vegar, og ein liten ulykke kan fort bli alvorleg dersom hjelpa ikkje er nĂŠrt. NĂ„r minutt tel, betyr det noko kor langt det er til behandling. Ă byggja ned LĂŠrdal sjukehus svekkjer den tryggleiken som folk i Sogn treng.
Politisk handlar dette om kva slags distriktspolitikk me vil ha. Me i Unge HĂžgre meiner at folk skal ha like trygge helsetilbod uansett kvar dei bur. Effektiv drift er viktig, men effektivisering kan ikkje alltid bety sentralisering. Me kan ikkje akseptere at lokalsjukehus vert svekka for Ă„ spara pengar her og der. Me treng sterke lokale sjukehus som fungerer for pasientar og personalet som jobbar der kvar dag.
Kutta pÄverkar ogsÄ framtida til regionen. Kven vil flytta hit for Ä jobba dersom fagmiljÞet vert svekt? Kven vil satsa pÄ Ä busetja seg her nÄr grunnleggande tenester vert kutt? LÊrdal sjukehus er ein del av det som gjer Sogn attraktivt Ä bu og leva i. Uten eit sterkt sjukehus vert det vanskeleg Ä behalda folk og rekruttera nye fagfolk.
Som 18-Äring ser eg pÄ framtida mi i Sogn. Eg vil bu her, eg vil at venene mine skal kunna flytta heim att etter studiar, og eg vil at unge familiar skal velja Sogn. Men det kan me ikkje gjera om grunnleggande tenester vert svekka Är for Är. Eit sterkt sjukehus er ein del av den tryggleiken som trengs for Ä halda liv i lokalsamfunna vÄre.
Sogn og Fjordane Unge HÞgre vil at LÊrdal sjukehus skal styrkjast og utviklast, ikkje byggjast ned bit for bit. Me vil at politikarar tar ansvar og forstÄr at dette ikkje berre handlar om pengar, men om menneske, heimane vÄre og framtida til regionen. Me kan ikkje sitja stille og sjÄ pÄ at tryggleiken vÄr vert redusert.
Me kjem til Ă„ stĂ„ pĂ„ for LĂŠrdal sjukehus â no og i framtida. Me kjem til Ă„ kjempa for at alle som bur i Sogn fĂ„r den hjelpa dei treng, nĂ„r dei treng det. Det beste for Sogn er ikkje Ă„ bli mindre, men Ă„ gro saman og sterkare.